Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane. Foto: Rolf M. Sørensen.

Sogn og Fjordane

For stortingsperioden 2021-2025 er det valt inn fire representantar frå Sogn og Fjordane.

I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma.

Innvalde og fast møtande representantar

Dei fem siste spørsmåla til statsrådane frå representantane i valdistriktet

  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

    Vil helseministeren sjå til at «God start»-tilbodet til fødande kvinner i Nordfjord vert gjenopna på Nordfjord sjukehus i tråd med avklaringane gjort av den Ap-leia regjeringa i 2011 om innhaldet i «Framtidas lokalsjukehus» ved Nordfjord sjukehus etter at Aps dåverande helseminister stadfesta nedlegginga av fødeavdelinga, og er helseministeren enig med Ap sin påtroppande varaordførar i Stad i at snarleg gjenopning av «God start» er nødvendig for å unngå ei ytterlegare nedbygging av kvinnehelsetilbodet i Nordfjord?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

    EU sitt nye berekraftsdirektiv (CSRD) er eit heilt sentralt verktøy for å lykkast med grøn omstilling i Europa og Noreg, i tråd med FN sine berekraftsmål og EUs «Green Deal». Når ser Finansministeren for seg at direktivet om berekraftsrapportering kan bli ein del av EØS-avtalen?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

    Vil Fiskeri- og havministeren sørge for at fiskerinæringa og andre får innsyn på normal måte i tråd med offentleglova i saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs, og er statsråden som øvste ansvarleg for norsk havpolitikk samd i at ei rask avklaring av at ein skal følgje vanlege demokratiske spelereglar, er svært viktig for legitimiteten i heile det vidare arbeidet med offshore vindkraft i Noreg?
  • Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

    Kan statsråden seie noko om kva vurderingar som blir gjort vedkomande Olaskjeret, kva evt konsekvensar grunnstøytinga den 25. september 2023 vil ha så seie for desse vurderingane, og kva tiltak statsårde ser for seg må gjerast for å fjerne/hindre risikoen for fleire ulykker og grunnstøytingar?
  • Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til olje- og energiministeren

    Kutt i energibruk i bygg og ny lokal energiproduksjon, spesielt i form av solenergi, kan bidra med så mykje som ein fjerdedel av det vi treng av ny krafttilgang i Noreg innan 2030. Vil regjeringa følgje opp den nye tilrådinga frå LO og NHO om skjerpa mål for redusert energibruk i bygg og nye og forsterka tiltak for å kutte energibruk i bygg, herunder auka økonomisk støtte til alle typar enøk-tiltak i alle typar bygg, og er statsråden enig i at ei slik forsterka ENØK-satsing er samfunnsøkonomisk fornuftig og nødvendig?

Representantforslag fremma av representantane i valdistriktet

Sjå alle