Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)
Prop. 132 S (2014-2015), Innst. 354 S (2014-2015)
Kvar er saka no?
Status: Stortinget har behandla saka ferdig.
Saksgang
1Forslag
Frå
Arbeids- og sosialdepartementetGrunnlag for saka
Fremma i statsråd
29.05.2015Referert
Referatsaker
01.06.2015
2Komitébehandling
Tildelt komité
Arbeids- og sosialkomiteen
01.06.2015Saksordførar
Tilråding levert
Innst. 354 S (2014-2015)
04.06.2015
3Debatt og vedtak
Referat Stortinget
Vedtak og oppmodingar
Status
Vedtak i kortversjon
Stortignet har vedteke tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015. Grunnbeløpet er auka frå 88 370 kroner til 90 068 kroner frå 1. mai, det vil seie med 1,92 pst. Uføretrygda og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening vert også oppregulert med 1,92 pst. Alderspensjon under utbetaling vert regulert med lønnsauken på 1,92 pst. og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 1,16 pst. frå 1. mai 2015. Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 1,92 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa, noko som inneber at satsane er auka med 1,42 pst. Satsane er frå 1. mai 2015 sette til 139 728 kroner for låg sats, 162 566 kroner for ordinær sats, 175 739 kroner for høg sats og 274 085 kroner for særskilt sats.
Behandling og vedtak
Slik stemte representantene
Behandling og tilråding
Tilråding levert 04.06.2015
Behandla i Stortinget: 11.06.2015