Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 2 (1998-99)
Om "Energi- og Miljøprosjektet rundt Sarpsfossen" og ein kraftpris som kan gjere prosjektet lønsamt
Oversendt regjeringen: 19.06.1998
Svart på: 20.10.1998 av olje- og energiminister Marit Arnstad

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Borregaard Industries Ltd., Glomma Papp A/S, Hafslund ASA og Globe Norge AS Hafslund Metall i Sarpsborg saman med dei tillitsvalgte, har laga eit samarbeidsprosjekt; «Energi- og Miljøprosjektet rundt Sarpsfossen». Overordna mål for prosjektet er gode løysingar både for energiforsyning, miljøutslepp og sysselsetjing i regionen. Dersom ein skal oppnå ein «vinn-vinn situasjon» for bedriftene, regionen og samfunnet, er dei avhengig av kraft til ein pris som kan gjera dette prosjektet lønsamt. Det er bedriftene si plassering i høve til kvarandre som gjer prosjektet så unikt med omsyn til optimal utnytting av energien, der ein blant anna kan få til eit energigjenvinningsanlegg som kan redusera bruk av olje. Dette er eit godt energi- og miljøprosjekt som det hastar med å få til.
Ser statsråden noko mulighet for å få dette prosjektet realisert medan ein ventar på eit nytt system for den kraftintensive industrien?

Les heile debatten