Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Galtung, Bjørg Hope (1 - 2 av 2)
  • Skriftleg spørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

    Dokument nr. 15:73 (1996-97)

    Innlevert: 29.01.1997

    Sendt: 29.01.1997

    Rette vedkommende: Samferdselsministeren

    Svart på: 04.02.1997 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

    "24. februar 1995 leverte underteikna inn Dok 8:44 om innføring av promillegrense 0.00. Saka vart handsama i Stortinget 1/6-95. Stortinget vedtok då å oversende saka til Regjeringa til utredning og uttalelse. Dette vart gjort med bakgrunn i at Sverige skulle evaluere innføringa av 0.2 promille i 1990. Resultatet av denne kan klart ha innverknad på ei eventuell nedsetting av promillegrensa her i landet. Evalueringa frå Sverige ligg no føre. Underteikna ynskjer sterkt at denne saka raskt på nytt vert handsama i Stortinget. Når kan dette skje?"
  • Skriftleg spørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

    Dokument nr. 15:66 (1996-97)

    Innlevert: 17.12.1996

    Sendt: 18.12.1996

    Svart på: 02.01.1997 av justisminister Anne Holt

    "I følgje Bergens Tidende er Noreg tilslutta eit avtalememorandum mellom EU-landa, USA og Noreg frå 23.-24. november 1995 om standardar m.v. for telefonavlytting i framtida. Eg bed justisministeren senda over dokumentet med kommentar om Noregs rolle i dette samarbeidet, statusen til avtalememorandumet, i kva grad Noreg er forplikta rettsleg eller økonomisk og om avtalen tyder at norske borgarar kan verta avlytta av andre lands etterretningstenester."