Skriftleg spørsmål fra Grethe G. Fossum (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:230 (1997-98)
Innlevert: 12.06.1998
Sendt: 15.06.1998
Svart på: 19.06.1998 av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

Grethe G. Fossum (A)

Spørsmål

Grethe G. Fossum (A): Både statsråden og leder av KRFK Randi Gran Tørring har tatt til ordet for en revisjon av likestillingsloven i lys av et mer nyansert syn på hva likestilling innebærer.
Kan statsråden gjøre greie for hva dette nyanserte synet innebærer?

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Regjeringa arbeider aktivt for reell likestilling mellom kjønna. Målet er eit samfunn der kvinner og menn har like høve til å delta både i arbeids- og organisasjonslivet og i familien. Regjeringa vil byggje vidare på likestillingspolitikken som har vore ført dei siste åra,

Representanten Fossum viser i sitt spørsmål til utsegn om behovet for ein meir nyansert likestillingspolitikk. Mitt utgangspunkt er eit behov for å sjå likestillingspolitikken - i likskap med andre politikkområde - i lys av samfunnsutviklinga. Mykje er endra sidan likestillingslova vart vedteke i 1978. Som mange andre meiner eg at lova er moden for ein heilskapleg gjennomgang med tanke på revisjon. Dette vil vere eit omfattande arbeid og forslag til endringar skal på høyring, men det er enno ikkje klart når dette vil skje.