Skriftleg spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:259 (1997-98)
Innlevert: 30.06.1998
Sendt: 30.06.1998
Svart på: 06.07.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Pasientar som ikkje greier å vera i heil jobb, kan vera delvis sjukemelde i eit år. Etter dette må dei da friskmeldast eller delvis uføretrygdast. Problemet slik eg får dette opplyst, er at ein må nytte 50 % uføreprosent, sjølv om det berre er behov for t.d. 20%. Dette kan føre til at legen skriver attest på 50% uførleik, sjølv om det kunne greidd seg med mindre. Vil sosialministeren vurdere om reglane burde endrast, slik at dei kan gi rom for å starte på 20% uføreprosent?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Generelle kommentarer til spørsmålet:
For å få rett til uførepensjon må evna til å utføra inntektsgjevande arbeid vera redusert med minst 50% på grunn av varig helsesvikt. Ved vurderinga av kor mykje inntektsevna er redusert, skal inntektshøva før og etter tidspunkt for uførleiken sammanliknast. Det skal som hovudregel takast omsyn til all pensjonsgjevande inntekt ved denne vurderinga.

Spørsmålet om å kunna få uførepensjon frå folketrygda med lågare uføregrad enn 50% har vorte nærare drøfta fleire gonger mellom anna i St.meld nr 35 (1994-95) Velferdsmeldinga, NOU 1990:17 Uførepensjon, St.meld nr 39 (1991-92) Attføringsmeldinga, førearbeida til ny folketrygdlov og i Ot.prp nr 8 (1996-97) Oppfølging av Velferdsmeldinga.

I NOU 1990:17 Uførepensjon og i Velferdsmeldinga blei det påpeikt at ei fingradering under 50% ville føra til problem med avgrensing. Ein meinte og at ei uføregradering ned til t.d 20% ville føra til eit stort tal på søknader om uførepensjon, og at dette sannsynlegvis ikkje ville veia opp det tal som ved ei slik ordning unngjekk pensjon med uførleik 50% eller meir. Ei endring vil kunna gje monalege økonomiske og administrative konsekvensar.

Forslag med lågare gradering av uførepensjon enn 50%:
Ved handsamingar av Velferdsmeldinga gjekk Stortinget inn for Regjeringa sitt framlegg om å kunne gjera unntak frå kravet om 50% uførleik innanfor bestemte førehandsgodkjende arbeidsopplegg, og med oppfølging frå trygdekontoret.

Ei slik forsøksordning vart sett i kraft 1. mai 1997. Ordninga medfører at ein pensjonist som har hatt uførepensjon eit år kan få fastsett lågare uføregrad enn 50% dersom han ønskjer å utvide arbeidsinnsatsen sin. Det kan ikkje fastsettjast lågare uføregrad enn 20%. Grunnen for å ha eitt års ventetid er at det elles kunne føre til uheldig tilpassing om ordninga skulle gjelda kort tid etter at uføregraden blei fastsett. I den tida forsøket varer kan ikkje pensjonisten ha friinntekt på eit grunnbeløp i tillegg.

Konklusjon:
Departementet vurderer kontinuerleg behov for å endre reglane, dersom det viser seg at dei slår uheldig ut for einskilde grupper. Etter mi oppfatning er det ikkje for tida grunnlag for å endra desse reglane. Eg meiner det er nødvendig å evaluera resultata av forsøksordninga før ein vurderer nærare å utvida ordninga til og å gjelda dei som søkjer uførepensjon. Det er planlagt at forsøksordninga skal gjelde fram til 1. januar 2003.

Regjeringa vil elles gjennomgå uførepensjonsordninga i samanheng med arbeidet med Stortingsmeldinga om utjamning i levekår.