Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:38 (1999-2000)
Innlevert: 04.11.1999
Sendt: 05.11.1999
Svart på: 08.11.1999 av fiskeriminister Peter Angelsen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Den teknologiske utviklinga når det gjeld fartøy og reidskap har i sterk grad oppheva skillet mellom fiskefartøy over og under 28 m i det som vert kalla den konvensjonelle flåten, og deler av begge desse gruppene fiskar i dag langt på veg med same reidskap. Stortinget har bedt om ei utgreiing med sikte på å få fram andre parameter enn fartøyet si lengde når det gjeld skillet mellom hav- og kystfiske. Når vil statsråden kome med konkrete forslag for å følgje opp Stortinget sitt ønskje?

Grunngiving

Fiskefartøy over og under 28 m brukar i dag til dels same reidskap. Grensa på 28 m skaper dermed eit kunstig skille, og vi opplever i dag at fartøy som er likt utrusta og som fiskar ved sida av kvarandre blir underlagt ulike reglar. Dette skaper skille og tilpasningar som kan slå svært uheldig ut.

Stortinget har i behandlinga av st.meld 51 (1997-98) om perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring, m.a. sagt at " skilje mellom hav- og kystfiske må utgreiast med sikte på å få fram andre parameter enn fartøyet si lengde"

På denne måten vil ein kunne få meir lik behandling av fartøy som fiskar med same reidskap uavhengig om dei er over eller under 28 metersgrensa. Det hastar med å få orden i dette spørsmålet.

Peter Angelsen (Sp)

Svar

Peter Angelsen: Den problemstillinga som vert teke opp i spørsmålet, var og oppe i samband med handsaminga av St.meld. nr. 51 (1997-98) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring. Eg sa då i mitt innlegg i stortingsdebatten den 23. februar i år mellom anna at departementet først ville gjere "ferdig et høringsforslag om konsesjonsordning for fartøy over 28 m som fisker med konvensjonelle redskap, den gruppen som litt upresist gjerne omtales som banklineflåten, og som i flere år har vært skilt ut som en egen gruppe i reguleringssammenheng". Eg sa og at vi deretter ville gå vidare for å sjå på kva som kan gjerast for å finne hensiktsmessige avgrensingar mellom ulike reguleringsgrupper.

Høyringa av forslaget om konsesjonsordning er no avslutta, men det er enno ikkje teke endeleg stilling til innføring av konsesjonsordninga.

Vidare sa eg i stortingsdebatten:

"Det er et åpent spørsmål om det er mulig å finne gode alternativer til metergrenser innenfor alle fiskerier og flåtegrupper. Siktemålet med dette arbeidet må først og fremst være å avgrense grupper som naturlig hører sammen, og regulere disse på den måten som passer best innenfor den enkelte gruppe. Det vil også gjøre det enklere å utvikle friere reguleringsmodeller for de minste båtene."

Etter ein replikk til mitt innlegg, der det vart peika på at ein i praksis ser båtar som er over og under 28 meter som fiskar side om side, sa eg følgjande:

"Når det gjelder kyst- og havfiskeflåten og delingen der, vil man alltid når man setter en grense, treffe et sjikt i flåten der alle fisker likt, i samme område og har nesten samme størrelse. Det er ikke slik at kystfiskefartøy bare fisker på kysten, de fisker også langt til havs. Det finnes ikke noen reguleringer med hensyn til hvor langt et kystfiskefartøy kan gå til havs. Det er de sertifikatene fartøyet har, som avgjør det."

Eg er soleis samd i utgangspunktet for spørsmålet, for so vidt gjeld det at fartøy som naturleg utgjer ei gruppe, i størst mogleg grad skal ha same rammevilkår for sitt fiske. Eg trur likevel ikkje at resultatet ville bli annaleis, om vi valde eit anna parameter enn fartøyet si lengde som avgrensing. Uansett kva ein veljer, vil det oppstå tilfeller der fartøy over og under grensa har fysiske forutsetningar for å drive fiske på same måten. Ein må difor sjå på hovedtyngda av fartøy i kvar gruppe, ikkje grensetilfella, når ein vurderer kva som er ei naturleg gruppering i ulike samanhengar.

Dette skal likevel ikkje vere til hinder for at vi søkjer etter betre løysingar enn dei vi har valt til no. Siktemålet må være å kome lengst mogleg i retning av naturlege grupper i reguleringssammenheng, i høve til strukturtiltak og i andre samanhengar.

Både når det gjeld kvotereguleringar og når det det gjeld utvikling av ulike strukturtiltak, vil eg difor arbeide for å oppfylle innhaldet i den merknaden frå Næringskomiteen som er referert i grunngjevinga for spørsmålet. Eg oppfattar det slik at intensjonen bak merknaden først og fremst er å unngå ugrunna forskjellar i regelverket mellom fartøy som driv i det vesentlege på same måten. Målet om å unngå ugrunna forskjellar gjeld og i høve til tekniske reguleringar som t.d. områdebegrensning for større fartøy, som no er ei aktuell problemstilling under utgreiing av ei arbeidsgruppe med deltaking fra myndighetene, forskarane og frå fiskarorganisasjonane.

Det ligg i dette og at eg ikkje ser for meg noko fast grense mellom "kyst" og "hav" som skal leggast til grunn i alle samanhengar, uansett kva for parameter ein kunne tenke seg som utgangspunkt for ei slik grense. Gruppperingane må først og fremst gjerast ut frå kva som er naudsynt for å lage best mogleg løysingar i høve til den enkelte problemstilling.