Skriftleg spørsmål fra Olaf Gjedrem (KrF) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:354 (2000-2001)
Innlevert: 26.04.2001
Sendt: 27.04.2001
Svart på: 04.05.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Olaf Gjedrem (KrF)

Spørsmål

Olaf Gjedrem (KrF): Vil statsråden vurdera å innføra stimuleringar for yrkesførebuing for lite skulemotiverte elevar i vidaregåande skule?

Grunngiving

Ved siste endring av opplæringslova ble det opna for ei ordning med lærekandidatar. Ordninga skulle gje ungdom med liten motivasjon og mindre evne til å tilegna seg teoretisk kunnskap, hjelp til å få si opplæring (vidaregåande) i arbeidslivet. Opplæringa skal resultera i ein avgrensa fag- og yrkeskompetanse.
I fleire år har fylkene fått tildelt sentralt gjevne midlar (stimuleringsmidlar) for å motivera næringslivet til å etablere ordinære læreplassar for desse lite skolemotiverte ungdomane. Når det nå er formalisert ein ordning, lærekandidatordninga, for desse, viser det seg at budsjettposten som ville vera ein viktig faktor til å motivera arbeidsmarkedet i å leggja til rette for denne type opplæringsplasser, er teken bort.
I tillegg framgår det av departementet sitt rundskriv F-12-01 pkt. 2.6 at ordning med ekstraordinært tilskot til lærlingar med særskild behov ikkje gjeld for lærekandidatar med behov for tilrettelegging.
Bortfallet av økonomitilskot for motivasjon og tilrettelegging kan føra til at ordninga med lærekandidatar ikkje får det omfang Stortinget hadde forutsatt.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: I St.prp. nr. 1 (2000-2001) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ble det foreslått å avvikle stimuleringstilskottet frå 2001 fordi arbeidet med å skaffe elevar med stort fråvær og svake karakterar læreplassar synest å ha komme godt i gang. Stortinget vedtok dette ved behandling av Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001). Eg vurderer ikkje å forslå eit nytt stimuleringstilskott.
Lærekandidatar utløyser tilskott til lærebedrifter på lik linje med det ordinære lærlingar gjer.
I rundskriv F-12-01 frå departementet under pkt. 2.6 står det at ordninga med ekstraordinært tilskott til lærlingar med særskilt behov ikkje gjeld lærekandidatar. Grunnen til dette er at lærekandidatar i følgje opplæringslova sin § 4-2, 4. ledd har rett til spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova på lik linje med elevar innan vidaregåande skule. Utgifter til oppfylling av retten skal, etter opplæringslova sin § 13-3, dekkjast av fylkeskommunane på same måte som for elevar i den vidaregåande skulen.
Lærlingar har derimot ikkje lovfesta rett til spesialundervisning. Staten gir difor eit eige tilskott for desse, jf. rundskriv F-12-01 pkt. 2.6.