Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:464 (2000-2001)
Innlevert: 13.06.2001
Sendt: 14.06.2001
Svart på: 20.06.2001 av fiskeriminister Otto Gregussen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Det planlagde arbeidet med mudring i fiskerihamna i Geilevika i Giske kommune har gått langt raskare enn føresett. Det ser no ut som det kan vere muleg å få fullført arbeidet med mudring av heile hamneområdet innanfor dei tids- og kostnadsrammer som låg i den reduserte planen. Behovet er dokumentert, og det vil medføre store ekstrakostnader å avslutte arbeidet no og seinare starte på nytt for å fullføre prosjektet.
Vil statsråden ta initiativ slik at arbeidet kan fullførast no?

Grunngiving

Arbeidet med mudring av fiskerihamna i Geilevika måtte vike prioritet og vart svært forseinka på grunn av stormskader på anlegg i Nord-Norge. I nært samarbeid mellom kommunen og Kystverket vart det laga planer for delvis mudring som var tilpassa dei økonomiske og tidsmessige rammene som var tilgjengelege. Giske er ein betydeleg fiskerikommune og behovet er svært stort for å få fullført heile anlegget.
Arbeidet har så langt gått svært bra. Det som skal gjerast innanfor dei reduserte planane ser ut til å vere ferdig i månadsskiftet juli/august som er to månader før plan og budsjett. Det har gjennomsnittleg blitt mudra over 8 000 kbm i veka. Avstanden mellom redusert og full mudring er om lag 60 000 kbm.

Det vil sjølvsagt medføre store ekstrakostnader å avslutte arbeidet nå, og så ta til på nytt seinare. Behovet for fullføring er presserande, og når ein kan klare fullføring, og ikkje berre delvis mudring innanfor den budsjetterte tids- og kostnadsramma, ville det vere dårleg samfunnsøkonomi å avbryte nå. Eg håper fiskeriministeren vil bidra til ei positiv løysing på dette.

Otto Gregussen (A)

Svar

Otto Gregussen: Det er rett at arbeidet med mudringa av fiskerihamna i Geilevika har gått svært bra. Framdrifta er god i forhold til dei planane som er lagde for prosjektet. Kostnadene er og godt innafor gjeldande overslag. Ei fullføring av prosjektet, slik at full mudring vert gjennomførd, er om lag 3 månaders arbeid. Arbeidet kan og, etter det eg har fått vite, gjerast innan gjeldande kostnadsoverslag. Eg er difor innstilt på å be Kystverket om å halde fram med arbeidet i Geilevika.