Skriftleg spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:514 (2001-2002)
Innlevert: 24.06.2002
Sendt: 24.06.2002
Svart på: 02.07.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Import av brukte biler til Noreg har hatt ein veldig vekst dei siste åra. Det kan vera ulike grunnar for dette, men ei årsak som bilbransjen sjølv hevdar er at bruktimporterte personbilar er friteken for omregistreringsavgift, og eingongsavgifta på bruktimporterte personbilar er lågare enn på nye. Kostnadene ved å kjøpa ny bil i Noreg er høge. Faren kan bli at det blir kjøpt færre nye biler, og mykje høgare bruktbilimport frå andre land.
Vil finansministeren gjerne noko med desse tilhøva?

Grunngiving

Bruksfrådraget som ein i dag har er fastsett i l995 på grunnlag av data for biler som var selt i perioden 1985-l993. Bruksfrådraga bør justerast dersom det er vesentlege endringar i marknadsføresetnadene når ein legg om avgiftsstrukturen for nye bilar.
Ved kjøp av brukt bil i Noreg må ein betala omregistreringsavgift. Når dette ikkje gjeld importerte bilar, vil det bli ein konkurransefordel ved brukt import.
Ved at ein gjev bruksfrådrag på 12 pst. allereie etter 6 månader basert på registreringstidspunktet så inviterer ein til å unndra avgifter ved at ein dag gamal bil kan importerast og lagrast i seks månader. Det ville vel vore rimeleg at bruksfrådraget ikkje vart gjeven før bilen verkeleg hadde vore i bruk ei stund.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Eingongsavgifta skal betalast ved første gongs registrering i det sentrale motorvognregisteret. Avgifta vert pålagt alle bilar unntatt lastebilar og større bussar. Ved registrering av bilar som vert import brukt frå utlandet vert det gitt eit frådrag i avgifta basert på bilen sin alder. Dette bruksfrådraget skal gjenspegle det reelle verdifallet. Dagens bruksfrådrag vart fastsett i 1995, og fekk då ei utforming som var i samsvar med EØS-avtalen sine krav om likebehandling. Satsane vart vurderte på nytt i samband med budsjettet for 1997, men vart då ikkje endra.
Som det vert påpeikt i spørsmålet, har bruktbilimporten auka dei siste åra. Ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) utgjorde bruktimporterte personbilar i 2001 om lag 23 pst. av dei førstegongsregistrerte personbilane. På byrjinga av 90-talet låg talet på under 10 pst. Dette skuldast i stor grad dei restriktive bruksfrådraga i tida før 1995, men det har òg vore ein jamn auke i åra etter 1995.
Auka bruktbilimport er i seg sjølv ikkje noko problem. Konkurranse frå bruktbilimport kan blant anna vere med på å presse marginane i den etablerte bilbransjen, noko som vil vere ein fordel for forbrukarane. Dersom auka bruktbilimport derimot skuldast ulike konkurransetilhøve, vil det vere eit problem. Den etablerte bilbransjen har i samband med dette blant anna peika på at importerte bruktbilar ikkje må betale omregistreringsavgift.
På bakgrunn av dette vurderer Finansdepartementet no på nytt satsane i bruksfrådraget. Prisdata for åra 1992-2000 er henta inn, og nye berekningar er gjort. Utgangspunktet er at bruksfrådraga best mogleg skal gjenspegle det reelle verdifallet. Det vert òg vurdert å ta omsyn til omregistreringsavgifta i desse berekningane. Dersom det blir aktuelt å endra bruksfrådraget vil Finansdepartementet føreleggje endringane for EFTA sitt organ for overvaking - ESA - for å sikre at òg den nye utforminga blir i samsvar med EØS-avtalen. Det kan blant anna være tvil om ei ordning der ein ikkje gjer bruksfrådrag for nyare bruktbilar vil samsvare med EØS-avtalen sine krav om likebehandling. Eg vil komme tilbake med ei vurdering av saka til hausten. I så fall vil dette krevje ei endring av forskrifta om eingongsavgift. Det vil òg være naturleg å sende eit mogeleg forslag på ein kort høyring til dei organisasjonane det gjeld.