Skriftleg spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:7 (2002-2003)
Innlevert: 04.10.2002
Sendt: 04.10.2002
Svart på: 14.10.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Frå 19. august i år er distriktskontora i Hedmark, Oppland og trøndelagsfylka slegne saman. Kulturministeren har gjeve uttrykk for at det skal leggjast vekt på erfaringane med desse samanslåingane i Regjeringa si tilråding til Stortinget om eventuelle endringar i talet på distriktskontor.
Korleis vil statsråden sikre at dette ikkje berre vert ei kvantitativ gransking, men ein rapport der lyttarane vert spurde og gitt høve til å kome med ev. glede/misnøye ved dei nye sendingane?

Grunngiving

Eit av argumenta for samanslåing av distriktskontor er at det vil gje meir ressursar, fleire journalistar, betre dekning og at dette skal gje publikum eit betre tilbod. For at Stortinget skal få eit best mogleg grunnlag for å fatte si avgjerd, er det viktig at lyttarane sine erfaringar vert fanga opp. Ei vanleg lyttargransking som berre måler talet på lyttarar samanlikna med før samanslåinga vil ikkje fanga opp publikum si meining om endringar i sjølve innhaldet og programtilbodet. Det er også naudsynt at ei slik evaluering syner eventuelle endringar over tid i graden av glede/misnøye ved samanslåingane.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Eg har lagt til grunn at det er naudsynt med meir informasjon før eg tar stilling til det forslaget som ligg føre om å slå saman NRK sine distriktskontor i Troms og Finnmark, i Hordaland og Sogn og Fjordane og i Telemark, Vestfold og Buskerud. Eg har derfor bedt NRK om å gjennomføra ei evaluering av dei samanslåingane som allereie er gjennomførte, dvs. av distriktskontora i Nord- og Sør-Trøndelag og av distriktskontora i Hedmark og Oppland.
Målet med evalueringa er å vurdera kva for konsekvensar omorganiseringa får for NRK sitt distriktstilbod. Det er derfor naudsynt å sjå ikkje berre på sendetimar og lyttartal, men òg på konsekvensar for sjølve innhaldet i tilbodet.
NRK opplyser at evalueringa vil bli gjennomført ved både ei intern vurdering av prosessen rundt samanslåinga og ei ekstern uavhengig vurdering av innhaldet i dei nye sendingane. Den eksterne vurderinga har som føremål å gå gjennom både kvalitative og kvantitative tilhøve ved sendingane. Evalueringa vil danna grunnlaget for ein rapport som blir lagt fram for Kultur- og kyrkjedepartementet før årsskiftet 2002-2003. NRK har ikkje tatt endeleg stilling til korleis lyttarane eventuelt skal høyrast.
Eg har tillit til at NRK vil gjennomføra ei evaluering som gir eit godt grunnlag for ei politisk handsaming av saka.