Skriftleg spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:289 (2002-2003)
Innlevert: 06.02.2003
Sendt: 06.02.2003
Svart på: 13.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Det vert stadig påstått at det er ein til dels stor skeivdeling av ressursar til dei ulike fylka når det gjeld investering og drift av veg.
Kva er statsråden si vurdering av dette?

Vedlegg til spørsmål:

Pressemelding fra NHO Rogaland v/ Bjørn M. Stangeland, Regionsdirektør. "Rogaland på "bommen"".

Grunngiving

Det vises til vedlagde pressemelding frå NHO Rogaland av 20. desember 2002 som vart presentert for komiteen på komitétur i januar. Liknande påstandar kjem frå andre fylke.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: I samband med fordelinga av vegplanramma på fylka blir det lagt vekt på framkomst/vegstandard, trafikktryggleik og miljø. Prosjekt som betyr mykje for næringslivets transportar og busetting i distrikta er også prioritert. Det er med andre ord ikkje berre folketalet og trafikkmengda i eit område som avgjer storleiken på investeringsmidlane.
Regjeringa sitt forslag til langsiktige prioriteringar av planleggingsrammene til riksveginvesteringar blir lagt fram for Stortinget kvart fjerde år gjennom stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan. På bakgrunn av meldinga og Stortinget si handsaming av denne, utarbeider Statens vegvesen (og dei andre etatane) meir detaljerte handlingsprogram for planperioden. Dei endelege løyvingane blir fastsette av Stortinget gjennom behandlinga av dei årlege budsjetta. Stortinget tek gjennom dette også stilling til oppstart av store investeringsprosjekt.
Samfunnsøkonomisk lønsemd vil vere eit viktig utganspunkt ved fordeling av investeringsmidlar. I samband med revisjonen av Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015 har Samferdselsdepartementet bede Vegdirektoratet utarbeide ein modell for fordeling av investeringsmidlar til andre riksvegnett mellom fylka. Siktemålet er å få eit best mogleg grunnlag for fordelinga basert på objektive fordelingskriterium. Arbeidet er i gong, og eg vil kome tilbake til det i Nasjonal transportplan.
I alle høve ser eg det som viktig å kunne leggje fram ein betre dokumentasjon enn tidlegare på kva som har vore styrande for forslaget til fordeling av investeringsmidlane, slik situasjonen i større grad er for fordelinga av midlane til drift og vedlikehald. Her blir kostnadene ved å oppretthalde ein optimal drifts- og vedlikehaldsstandard på riksvegnettet rekna ut ved hjelp av ein modell. Dei viktigaste faktorane som inngår i reknestykket er trafikkmengde, klimatiske forhold, storleiken på vegnettet, omfanget av teknisk utstyr og kompleksiteten på dette. Med ein slik tildelingsmodell meiner eg at fordelinga av drifts- og vedlikehaldsmidlane skjer på ein tilfredsstillande og etterretteleg måte.