Skriftleg spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:312 (2002-2003)
Innlevert: 13.02.2003
Sendt: 14.02.2003
Svart på: 24.02.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Det har blitt gjennomført store omorganiseringar i Statens vegvesen frå 1. januar 2003. Tempoet i endringane har vore høgt, og det kjem meldingar om at det er driftsproblem innanfor delar av den nye organisasjonen.
Korleis er status for omorganisering av Vegvesenet?

Grunngiving

Ei viktig målsetjing ved omorganiseringa av Vegvesenet var å effektivisere verksemda og redusere dei administrative kostnadene.
Eg er blitt kjent med at svært mykje framleis er uavklara i den nye organisasjonen. Media har m.a. omtalt at Vegvesenet ligg på etterskot med å betale rekningane sine.
Det blir også stilt spørsmål om den nye organisasjonen er meir føremålstenleg enn den gamle. Det er laga nye geografiske einingar som ikkje følgjer fylkesgrensene. Det er også blitt tilsett mange nye leiarar og etablert ein stor administrasjon.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Statens vegvesen gjennomførte ei særs omfattande organisasjonsendring 1. januar 2003, både ved at produksjonsoppgåvene blei skilde ut i eit eige aksjeselskap og ved at forvaltingssida blei delt inn i fem regionar og 30 distrikt. Samstundes gjer etaten fleire interne endringar i organiseringa, til dømes endringar knytt til interne administrative oppgåver.
Eg er meiner at Statens vegvesen no har fått ei organisering som gjer etaten godt rusta til å møte krava frå samfunnet og til å gjennomføre oppgåvene sine på ein god og effektiv måte. Samstundes meiner eg det er viktig at etaten no får den nødvendige tid og arbeidsro til å gjennomføre endringane i praksis. Det tek tid å gjennomføre så omfattande organisasjonsendringar i ein stor organisasjon. Dette er òg grunnen til at det er definert ein omstillingsperiode på tre år. I løpet av denne omstillingsperioden skal Statens vegvesen setje i verk ei rekke tiltak som gjer at den nye organisasjonen både tek ut dei effektiviseringsgevinstane som er føresett, og at organisasjonen innfrir dei måla som elles er sette for omorganiseringa, m.a. med omsyn til desentralisering.
I organiseringa av distrikta er det lagt vekt på nærleiken til brukarane og at etaten skal kunne tene publikum, kommunar og andre samarbeidspartnarar på ein endå betre måte enn i dag.
Statens vegvesen har òg lagt til grunn at effektiviseringa, så langt det er mogeleg, skal gjennomførast utan oppseiing av tilsette. Alle tilsette på forvaltningssida er derfor no innplasserte i den nye organisasjonen. Det vil være naudsynt å setje i verk ei rekkje tiltak i omstillingsperioden for å minske dei administrative kostnadene og klare den nedbemanninga som er lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Dette arbeidet er no starta med ein gjennomgang og tilpassing av heile organisasjonen til ny organisasjonsstruktur.
Når det gjeld status for omorganiseringa, er regionkontora og distriktsvegkontora no etablerte, og det same gjeld fem IT- servicesenter som er knytt til desse kontora. Rekneskapseininga er etablert i Vadsø med 35 stillingar, og Lønnsadministrasjonen i Tromsø med 7 stillingar. Ei veg- og trafikkfagleg eining, som ein del av Vegdirektoratet, er etablert i Trondheim med 40 stillingar. Det er her stor grad av pendling og fjernarbeid blant dei tilsette.
Når det gjeld konkurranseutsetjing av oppdrag frå Statens vegvesen, vil dette gå føre seg i tråd med føringane som er gjevne i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003). Frå og med 1. januar 2003 blir alle nye oppdrag lyst ut i konkurranse. Løypande oppdrag som produksjonsverksemda hadde frå Statens vegvesen er vidareført inn i det nye selskapet. Dette betyr at drifts- og veldikehaldskontraktar blir lyst ut gradvis over ein periode på fire år. Det vil totalt bli lyst ut 23 kontraktar i 2003, og det er lagt opp til å lyse ut 106 kontraktar totalt i fireårsperioden.
Statens vegvesen var på etterskot med betaling av rekningar i januar. Dette skuldast for det fyrste delinga av etaten i ein forvaltingsdel og eit produksjonsselskap og for det andre at talet på rekneskapseiningar på forvaltingssida blei redusert frå tjue til ei ved årsskiftet. Statens vegvesen er no à jour etter at det i ein periode har vore sett inn ekstra ressursar på dette området.
Vi må rekne med at det vil kunne oppstå enkelte praktiske problem i ei innleiande fase av denne omfattande strukturendringa. Etter mi vurdering er det alt for tidleg no å kunne foreta nokon form for evaluering av den nye organisasjonen.