Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:418 (2003-2004)
Innlevert: 23.02.2004
Sendt: 23.02.2004
Svart på: 26.02.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Sauda kommune protesterer no på det sterkaste fordi dei får svekka ambulanseberedskap som følgje av innsparingar ved Helse Fonna.
Meiner statsråden at eit smelteverk med 300 tilsette, kraftutbygging med 300-400 arbeidsplassar ekstra dei næraste åra, samt dobla aktivitet ved det største alpinsenteret i Rogaland, tilseier redusert beredskap eller vil han gjere noko for å imøtekoma innbyggjarane i Sauda?

Grunngiving

Helsetilbodet i Sauda har ei historie som tilseier spesiell merksemd. Då akuttberedskapen ved Sauda sjukehus vart nedlagt, var ambulanseberedskapen ein viktig faktor for å sikra grunntryggleiken. Av avisreferata etter møte mellom kommunen og Helse Fonna ser det ut som om representantane for føretaket verken kjenner fortida eller no-tilhøva i Sauda. Sauda kommune har i brev av 13. februar 2004 til Helse Fonna gjort ryddig greie for den vanskelege situasjonen dei no opplever. Svekka ambulanseberedskap er prinsipielt ei svekking av tryggleiken for å få naudsynt helsehjelp når det akutt er behov for det. Eg ber statsråden vurdera om han og Regjeringa er tent med denne type nedskjeringar med dei distriktspolitiske verknadene dei kan ha.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Representanten Kleppa spør om Helse Fonna har ein forsvarleg ambulanseberedskap for lokalbefolkninga i Sauda kommune. Eg vil på ny framheve det ansvar som er tillagt dei regionale helseføretaka gjennom sjukehusreforma. Dei regionale helseføretaka skal ut i frå ei vurdering av befolkninga sine behov organisere eit heilskapeleg tenestetilbod, for å sikre best mogelege helsetenester innafor dei budsjettrammane Stortinget har vedteke. Helse Vest har difor ansvar for å vurdere lokalbefolkninga i Sauda sitt behov for både prehospitale tenester og spesialisthelsetenester, og å organisere tenestetilbodet ut frå kravet til fagleg kvalitet og effektiv ressursbruk.
Ambulansetenesta i Helse Fonna dekkjer 21 kommunar og er organisert i 12 område med eigne ambulansestasjonar. Desse stasjonane har i prinsippet inga geografisk grense, og AMK-sentralen vurderar kontinuerleg koordinering av ressursane med tanke på dagleg drift og beredskap. Moderne teknologi, med GPS-styring, gjer at ein kan nytte den enkelte ambulansebilen meir optimalt enn før. I tråd med vurderte behov, er det lagt til rette for størst bruk av ambulansetenesta til akuttmedisinske oppdrag og transport av pasientar på dagtid yrkedagar. På kveld, natt og i helg blir ambulansane primært nytta til akuttmedisinske tenester. Helse Fonna har organisert ambulansetenesta ut frå målsetjinga om å sikre ein høg fagleg standard, og å gi befolkninga eit mest mogeleg likeverdig tilbod ut frå tilgjengelege ressursar.
Ambulansetenesta i Sauda har i dag ein døgnbil med vakt frå vaktrom, og ein dagbil. Denne har heimevakt på kveld, natt og i helg. I tillegg blir Sauda dekt med luftambulanse, der ressursane er lokaliserte til Stavanger og Bergen, dessutan eit redningshelikopter på Sola (330 Skvadronen). Endringa i Sauda inneber at ordninga med heimevakt på kveld, natt og helg for dagbilen går ut. Helse Fonna har gjort ei heilskapeleg vurdering av mellom anna befolkningsgrunnlag, oppdragsmengd, avstanden til sjukehus, kvalitet, likskap og gjeldande økonomiske rammer.
For å sikre at tenesta er organisert ut i frå gjeldande behov, har Helse Fonna etablert eit rapporteringssystem for ambulansetenesta som sikrar kontinuerlig overvaking av tenesta ut frå oppdragsmengde og responstid. Det er lagt til grunn ei fleksibel organisering av tenesta. Dette inneber at ambulansetenesta blir organisert og tilpassa lokale oppdragsmengd. Auka befolkningsgrunnlag eller anna som kan påverke behovet, kan gi grunnlag for å revurdere beredskap og omfang av tenesta for eksempel i Sauda kommune. Ut frå dette har eg tillitt til at Helse Fonna og Helse Vest vil ivareta sitt ansvar for å sikre eit godt prehospitalt tenestetilbod til befolkninga i Sauda kommune. Eg ønskjer likevel å følgje dette området framover, for å sikre at Stortinget sine intensjonar og føringar på dette området blir ivaretatt.
Eg har i styringsdialogen med dei regionale helseføretaka framheva at det er viktig å sikre det prehospitale akuttmedisinske tilbodet, i tråd med dei vedtak Stortinget har gjort. Eg er kjend med at Helse Vest i tråd med dei styringskrava som er stilte, vil gå grundig gjennom organiseringa av dei prehospitale tenestene i helseregionen. Gjennomgangen skal skje i lys av endringar i struktur og fordeling av oppgåver i regionen, og han skal ha fokus på å sikre befolkninga eit fagleg forsvarleg akuttmedisinsk tenestetilbod i tråd med Stortinget sine vedtak. Gjennomgangen skal mellom anna omfatte vurderingar av kompetansekrav i ambulansetenesta og responstid, dessutan aksess- og reaksjonstid i AMK-sentralane, ressursutnytting og gode ordningar for basestruktur. Eg er informert om at Helse Vest er i oppstartsfasen i dette arbeidet, som blir gjennomført i år.