Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:541 (2003-2004)
Innlevert: 23.03.2004
Sendt: 24.03.2004
Svart på: 31.03.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Kva har statsråden føreteke seg for å sikra vidareføring av NOx-reduksjonsprogrammet i samsvar med det Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet for 2004?

Grunngiving

I statsbudsjettet for 2004 blei det vedteke å satsa på ei opprusting av skipsflåten gjennom ei vidareføring av NOx-reduksjonsprogrammet. Gjennom budsjettforliket mellom regjeringspartia og Arbeidarpartiet, kom det til ein ny budsjettpost på 10 mill. kr til NOx-reduksjonsprogrammet. Fleirtalet la vekt på at midlane skulle nyttast til tiltak som har best kost/nytte i forhold til Sjøfartsdirektoratets tiltaksanalyse, og til tiltak som gir dokumenterbare varige løysingar og der EIAPP-sertifikat kan utskrivast. Vidare skulle tiltak som, i tillegg til NOx, også gir CO2-reduksjonar, prioriterast. For å bidra til sysselsettinga i norsk verftsindustri, ba fleirtalet Regjeringa syta for at tiltak og utføring i størst mogleg grad vert knytt opp mot norske produkt og norsk verftsindustri.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Sjøfartsdirektoratet har i tildelingsbrev for 2004 blitt informert om at ordninga skal vidareføres under ein ny budsjettpost på 10 mill. kr. Direktoratet held for tida på med å utarbeide nye retningsliner for ordninga i samsvar med Stortingets vedtak. Det er venta at dei nye retningslinene er ferdige i løpet av april månad, og ordninga vil deretter settes i verk så snart som mogleg.