Skriftleg spørsmål fra Rita Tveiten (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:621 (2003-2004)
Innlevert: 22.04.2004
Sendt: 23.04.2004
Svart på: 30.04.2004 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Kan sosialministeren hjelpa til med å berga tiltaksplassane ved Stiftelsen Sandviken Slipp i Bergen, da desse står i fare for å bli avvikla som følgje av dei var utegløymt på lista over tiltak som vart overført då ansvaret for barnevern og rusomsorg vart overført frå fylkeskommunen til staten ved helseføretaka frå 1. januar 2004?

Grunngiving

Stiftelsen Sandviken Slipp er ei ideell stifting som vart skipa i 1986. Stiftinga driv med arbeidstrening/rehabilitering av ungdom i krise. Dei gjev arbeidstrening til ungdom med rusproblem (20-35 år), ungdom som har falle ut av skulen (17-20 år) og ungdom som har blitt varige sosialhjelpsmottakarar (20-24 år).
I 1988 fekk stiftinga status som prosjekt gjennom Sosial- og helsedepartementet, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. I dag har dei støtte frå Aetat gjennom eit kommunalt eigd AS, og inntil 31. desember 2003, Hordaland fylkeskommune. Det kan nemnast at stiftinga fekk 285 000 kr i støtte frå Hordaland fylkeskommune i 2003. Støtta var gitt med bakgrunn i fylkeskommunen sitt ansvar for barnevern og rusomsorg. Etter at staten har overtatt ansvaret for begge sektorane, er støtta frå fylkeskommune falle bort. Hordaland fylkeskommune har i brev 6. april 2004 bede Helse Vest om å vurdera Stiftelsen Sandviken Slipp for tilskot tilsvarande det som andre organisasjonar mottek når dei driv frivillig arbeid innanfor staten sitt ansvarsområde.
Då ansvaret for slike tiltaket vart overført frå Hordaland fylkeskommune til Helse Vest frå 1. januar 2004, var ikkje Stiftelsen Sandviken Slipp med på lista, det vert hevda at dette var ein inkurie. Seinare har det ikkje vore råd å få retta dette opp, noko som medfører at fire tilsette må permitterast frå 30. april 2004 og dei 15 tiltaksplassane opphøyr hjå Sandviken Slipp. Det er vanskeleg å sjå at dette er ein tilsikta verknad av helsereforma der barne- og rusvern vart overført frå fylkeskommunen til staten. Det ligg ikkje føre faglege grunngjevingar for å avvikla tiltaket og Aetat har sidan 1. mars 2004 utvida tilbodet hjå Stiftinga frå 10 til 15 plassar. Brukarane sitt behov for hjelp er ikkje redusert som følgje av ansvarsoverføringa og no stå tilbodet i fare for å måtta leggjast ned med bakgrunn i ein inkurie.

Ingjerd Schie Schou (H)

Svar

Ingjerd Schie Schou: Stortinget har ved handsaminga av Ot.prp. nr. 54 (2002-2003) vedteke å overføre det fylkeskommunale ansvaret for tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelmisbrukarar til staten ved helseføretaka, med verknad frå 1. januar 2004 (Rusreform II). Ved overføringa overtok dei regionale helseføretaka ansvaret for drift av institusjonar for behandling av rusmiddelmisbrukarar som var eigd av fylkeskommunane, og driftsavtalar fylkeskommunen hadde med private institusjonar for rusmiddelmisbrukarar.
Stiftelsen Sandviken Slipp er eit tiltak som driv med arbeidstrening og rehabilitering av ungdom i krise. Arbeidstrening er ikkje eit fylkeskommunalt ansvar. Hordaland fylkeskommune har delfinansiert Sandviken Slipp, men dette har ikkje skjedd som ein del av det ansvar fylkeskommunen etter lov om sosiale tenester § 7-1 hadde for behandlingstiltak for rusmiddelmisbrukarar.
Uttrekk av midlar fylkeskommunen hadde nytta til drift av tiltak på dei fylkeskommunale rusplanane blei overført til dei regionale helseføretaka. Sandviken Slipp har ikkje stått på rusplanen til Hordaland fylke, og midlar til tiltaket vart derfor ikkje overført til staten ved Helse Vest i samband med rusreformen.