Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:739 (2004-2005)
Innlevert: 02.05.2005
Sendt: 02.05.2005
Svart på: 09.05.2005 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Før helga varsla BNL at dei har grunn til å tru at talet på lærlingar kan verta redusert med 10 pst. som følgje av redusert oppdragsmengd i byggenæringa. Årsaka til dette er arbeidsinnnvandringa siste året frå nye EU-land.
Er statsråden tifreds med dagens situasjon, eller kjem han til å ta initiativ til tiltak for å sikra norsk ungdom kunnskap og kompetanse innan bygg- og anleggsfaga?

Grunngiving

Eg viser til at statistikken no fortel at Noreg har teke mot fleire arbeidsinnvandrarar enn Sverige og Danmark til saman. Eg viser også til at det frå Sp, SV og Ap ved fleire høve er fremja forslag til tiltak som kan setjast i verk for å sikra både ryddige tilhøve for arbeidsøkjande og for dei som i dag har arbeidet sitt i denne type verksemd. Norske løns- og arbeidstidsavtalar, registrering av firma som tilbyr arbeidskraft, gi tillitsvalde innsyn i avtalar om innleige, samt ei styrking av Arbeidstilsynet sine ressursar slik at dei kan utøva naudsynt kontroll med regelverket, er mellom dei forslag som Regjeringa tidlegare er oppmoda til å følgja opp. Alle desse tiltaka er viktige for å sikra sysselsetjinga, no ser vi altså at manglande reglar også kan gå direkte utover rekrutteringa av norsk ungdom til desse yrka.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Det er for tida stor aktivitet i byggebransjen med tilsvarande stort behov for arbeidskraft. Tilbodet av læreplassar har alltid variert, men pr. i dag er det grunn til å tru at det er plass både til lærlingar og til fag- og hjelpearbeidarar frå andre land i denne bransjen. Heldigvis finnest det mange døme på verksemder som er klar over silt samfunnsansvar og som sørgjer for rekruttering til bransjen ved å tilby læreplassar.
Dette støttes av ei ny medlemsundersøking BNL har gjort blant sine medlemmer i april i år kor det går fram at meir enn 90 pst. av dei store verksemdene har behaldt sitt inntak av lærlingar. Totalt sett har 1 av 5 verksemder redusert inntaket av lærlingar, men det gjeld spesielt i dei mindre verksemdene. Ifølgje BNL sin administrerande direktør har talet på lærlingar ikkje blitt så mykje redusert som frykta.
Utdannings- og forskingsdepartementet har ikkje fått noko signal frå fylkeskommunane om at mangel på læreplassar er noko problem, og som kjent er det fylkeskommunane som ha ansvaret for at elevar og lærlingar får fullført opplæringa si. Heller ikkje "Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (FRY)", som består av representantar frå partane i arbeidslivet og staten, har meldt behov for særskilte tiltak. Rådet følgjer situasjonen nøye. Per dato er det BNL som har leiarskapet i rådet.
Det er viktig med konkurranse både i denne og andre bransjar, men konkurransen må væra sunn i den forstand at verksemder ikkje skal sjå seg nøyd til å dumpe løningane sine for å få anbod.
Det er viktig for Regjeringa at utanlandske arbeidstakarar får verdige løns- og arbeidsvilkår. For arbeidstakarar som kjem hit følgjer det direkte av arbeidsløyva at dei skal ha norske løns- og arbeidsvilkår. For dei som kjem hit på oppdrag eller som innleidde arbeidstakarar er løna i utgangspunktet ikkje regulert, men partane i arbeidslivet kan krevja norske tariffavtalar allmenngjort. Tariffnemnda mottok som kjend før påske krav om allmenngjøring av Fellesoverenskomsten for byggfag og Landsoverenskomsten for elektrofagene i byggjebransjen i Osloregionen. Nemnda har gitt uttrykk for at ho vil behandla salta før sommaren.
Arbeidstilsynet har nettopp hatt forslag til endringar i byggherreforskriften på høyring. Forslaget inneber bruk av identitetskort og oversiktslister over arbeidstakarar på byggje- og anleggsplassar der det er naudsynt for å ivareta helse, miljø og tryggleik. Disse reglane vil ventelig òg føre til betre oversikt og arbeidsmiljø i bransjen.
I grunngjevinga for spørsmålet heiter det at Noreg har teke i mot fleire arbeidsinnvandrarar enn Sverige og Danmark til saman. Ifølgje Aetat har ikkje arbeidsinnvandringa frå dei nye EU-landa hatt vesentlege negative effektar på arbeidsmarknaden. Talet på arbeidsinnvandrarar i Noreg må etter mi meining mellom anna sjåast i samanheng med at Noreg har hatt eit større behov for arbeidskraft enn dei andre landa, særleg i samanheng med den store aktiviteten i byggjesektoren.
Når det gjeld tillitsvalde sin rett til innsyn i avtaler om innleie, følgjer det allereie av gjeldande tariffavtaler i bransjen. I tillegg er innsynsrett for tillitsvalde i mellom anna løn- og arbeidsvilkår eit av fleire tema som skal drøftast i evalueringa av allmenngjeringsordninga som Arbeids- og sosialdepartementet no er i gang med.
Når det gjeld forslag til registrering av firma som tilbyr arbeidskraft, kan eg seie at problemstillingar knytte til innleie/utleie vil, saman med ei rad andre problemstillingar knytte til utvidinga av EØS, vere tema for drøfting med partane i arbeidslivet på møte i Arbeidslivspolitisk råd den 16. juli i år.
Arbeidstilsynet har fått auka ressursar til mellom anna å drive tilsyn med særleg fokus på arbeidsinnvandring. Arbeidstilsynet er i disse dagar i gang med ein kampanje i byggebransjen med fokus på mellom anna løn, arbeidskontraktar og HMS for utanlandske arbeidstakarar. Aksjonen er landsomfattande og skal gå føre seg i heile uke 18. Det skal lagast ei oppsummering av aksjonen.