Skriftleg spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:750 (2004-2005)
Innlevert: 04.05.2005
Sendt: 06.05.2005
Svart på: 10.05.2005 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB) har i brev frå Samferdselsdepartementet av 7. oktober 2004 fått i oppdrag å foreta "en mer generell undersøkelse og analyse av hvorledes sikkerheten blir ivaretatt i forbindelse med de pågående endringer og omstillingsprosesser hos myndigheter og selskaper i norsk luftfart".
Vil statsråden setja i verk tiltak på bakgrunn av informasjon frå HSLB så langt, og kva tid og på kva måte vil statsråden informera Stortinget om anbefalingar frå HSLB?

Grunngiving

Såvidt eg har kjennskap til, har statsråden fått løpande informasjon om funn frå HSLB. HSLB la i januar fram ein førebels rapport om stoda i Luftfartstilsynet.
Eg har ikkje kjennskap til at tilsvarande har konie når det gjeld Avinor AS eller flyselskapa.
Omstillinga i Avinor AS kalt "Take-off 05" har vore omfattande og krevjande. Konfliktnivået har til tider vore høgt. Tidlegare i vår vart det innført ein "time-put" i omstillingsprosessen.
Nå står me føre sommarsesongen som erfaringsmessig er ei krevjande tid for luftfarten. Trafikken aukar samstundes som det skal avviklast ferie. For Arbeidarpartiet er det viktig å forsikra seg om at eventuelle problem som m.a. HSLB påpeikar, så langt det er mogleg vert løyste før denne hektiske sesongen.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Det er rett at eg i brev av 7. oktober 2004 gav HSLB nemnde spesialoppdrag som galdt flysikkerhet. HSLB sendte allereie 6. januar 2005 ein førebels rapport til meg om stoda i Luftfartstilsynet. I denne samanheng vil eg syne til St.meld. nr. 32 (2004-2005) Om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø.
Fram til no har eg berre fått denne eine førebels rapporten frå HSLB.
Eg har bede HSLB om endeleg rapport i saka innan 1. juni 2005.
Først når eg har fått rapporten frå HSLB, kan eg avgjere kva for tiltak som vil vere aktuelle å setja inn, på kva måte, og kva tid eg vil orientere Stortinget.