Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:970 (2007-2008)
Innlevert: 21.04.2008
Sendt: 22.04.2008
Svart på: 29.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Av ulike grunnar er ferjer ute av drift på ferjestrekningar i Sogn og Fjordane, og ferjer frå andre ferjesamband må overførast som naudløysing, eller når det er to ferjer som trafikkerar strekninga, vert det igjen berre ei ferje. Dette er svært uheldig for dei reisande på dei ferjestrekningane som vert råka.
Vil statsråden ta initiativet til at det i anbodsutlysingane vert stilt krav om at anbydar må stille med reserveferje som straks kan setjast inn i dei sambanda som vert råka av at ferja er ute av drift?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: I samband med anbodsutlysing set Statens vegvesen krav til reserveferje i konkurransegrunnlaget. Kravet er todelt. Ved verkstadopphald og andre planlagde driftsavbrot, er det krav om at reserveferje skal vere på plass når den ordinære ferja vert teken ut av rute.
Ved ikkje planlagde og kortvarige driftsavbrot vert krav til reserveferje vurdert spesielt for kvart einskild samband. I samband som vert trafikkerte med to ferjer, vert det akseptert at ei ferje trafikkerer sambandet aleine i ein kortare periode. I samband som vert trafikkert av ei ferje, vert det stilt krav om at det skal setjast inn eit reservefartøy etter ein nærmare gjeven tidsfrist. I enkelte samband, der det er mange pendlarar/skuleelevar, vert det stilt krav om at passasjerbåt vert sett i drift på eit tidlegare tidspunkt.
Det vert stilt krav om reserveferjeløysingar for kvar anbodspakke, så eg vonar at kapasiteten når det gjeld reserveferjer blir betre etter kvart som fleire anbod startar opp. Totalt sett bør vi ha ein tilfredstillande situasjon i forhold til reserveferjemateriell når alle sambanda er ute på anbod. Anbodsutlysingane så langt har ført til mange nybygg, og eg vonar at det vil redusere problema med driftsavbrot.
Løysing med eiga reserveferje for kvart einskild samband vil vere kostnadsdrivande og vil derfor få uheldige konsekvensar for andre satsingar innanfor samferdselssektoren, til dømes målet om å styrkje det daglege ferjetilbodet i fleire samband. Dette medfører at det ikkje alltid er mogleg straks å setje inn reserveferje i dei sambanda som vert råka av at ferja er ute av drift.
Samferdselsdepartementet meiner at felles reserveferjer for fleire samband gir god utnytting av ressursane, og også eit tilfredsstillande tilbod til dei reisande.