Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:611 (2008-2009)
Innlevert: 28.01.2009
Sendt: 29.01.2009
Svart på: 05.02.2009 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Departementet har iverksett ei konsekvensutredning om samfunnsøkonomien i Stad Skipstunnel. Denne skulle vere levert departementet før jul 2008. Statssekretær Vidar Ulriksen har uttalt seg til media om at utredninga ikkje vert ferdig før etter Stortingsvalet i år. I dag kunne NRK Sogn og Fjordane opplyse at Kystdirektøren meinte press utanfrå kunne resultere i hurtigare ferdigstillelse av denne utredninga.
Vil statsråden syte for at utredninga vert ferdig slik at den kan handsamast i Stortinget i denne perioden?

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: I St. prp. nr. 1 (2007-2008) for Fiskeri- og kystdepartementet er det vist til at regjeringa har bestemt at ein skal setje i gong nye utgreiingar om Stad skipstunnel. På denne bakgrunn fekk Kystverket i oppdrag å utføre ei ny utgreiing, med tanke på storleik og nytteverdi av ein skipstunnel gjennom Stad. Eitt av alternativa som blir utgreidd er utvida tunneldimensjonar slik at hurtigruta og andre fartøy av same storleik kan passere gjennom.
Utgreiinga om Stad skipstunnel med utvida tunnelopning gjer det nødvendig å gjennomføre ekstern kvalitetssikring av prosjektet, i tråd med retningslinjer frå Finansdepartementet.
Arbeidet så langt har avdekka fleire problemstillingar som vi må få avklart før vi kan bli ferdige med kvalitetssikringa. Dette går mellom anna på krav til underbygging og dokumentasjon av dei identifiserte behova, og er ei av hovudårsakene til at arbeidet med kvalitetssikringa må ta lengre tid. Både departementet og Kystverket arbeider med å få på plass svar på uavklarte spørsmål.
Prosjektet Stad skipstunnel er på mange måtar eit nybrottsarbeid. Samstundes er kvalitetssikringsarbeidet komplisert. Dette inneber at det vidare arbeidet med kvalitetssikringa kan avdekke nye spørsmål som vi ikkje har oversikt over i dag.
I St.prp. nr 1 (2008-2009) for Fiskeri- og kystdepartementet er det vist til at Stortinget tidlegast kan bli orientert om saka i 2009. På denne bakgrunn vil eg komme tilbake til Stortinget med ei orientering om saka og status i arbeidet med kvalitetssikringa i løpet av 2009.