Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:71 (2010-2011)
Innlevert: 11.10.2010
Sendt: 12.10.2010
Svart på: 18.10.2010 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg går ut frå at miljødepartementet no arbeider med forskrifter i samband med ny plan- og bygningslov, der byggeforbodet i 100-metersbelte vert omtalt. Eg viser i den samanheng til skriftleg svar frå statsråden til underteikna på spørsmål nr. 329, datert 11.12.09.
Vil statsråden syte for at forskriftene for det som gjeld 100-metersbelte vert i samsvar med statsråden sitt svar på mitt spørsmål nr. 329, og kva er status på framdrift på forskrifter, og når tid vil forskrifter vere klar frå departementet?

Grunngiving

I plandelen i ny plan- og bygningslov vart det fastsett nye reglar for strandsona. Byggeforbod i 100-metersbelte langs sjøen er stramma inn.
Eg registrerte tidlegare fylkesmannen sin restriktive oppfølging av den nye lova, som ikkje minst folk i Solund og Askvoll i Sogn og Fjordane oppfatta som uforståande og ugunstig for vidare busetnad i desse kystkommunane
I statsråden sitt svar på mitt spørsmål nr. 329 gav statsråden uttrykk for at det i den nye lova skulle takast omsyn til at forholda langs kysten er forskjellige, og at det ville verte ulike retningsliner for områder der presset på areal er stort, og for områder med mindre press på areala.
Representantar frå FrP var for kort tid sidan på besøk hos fleire Vestlandskommunar. Der fekk vi inntrykk av at situasjonen fortsatt var at fylkesmannen var svært restriktiv i si haldning overfor bygging i 100-metersbelte, noko som politisk leiing i desse kommunane oppfatta som svært uheldig for vidare utvikling av deira næringsgrunnlag.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Spørsmålet gjelder arbeidet med statlige planretningslinjer for strandsonen. Forslag til retningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen ble sendt på høring i forbindelse med at ny plan- og bygningslov ble satt i kraft i fjor sommer. Forslaget til retningslinjer har blitt behandlet videre på grunnlag av høringen, men er foreløpig ikke vedtatt. Retningslinjene skal vedtas av Kongen, og jeg regner med at de vil foreligge før årsskiftet.