Skriftleg spørsmål fra Øyvind Korsberg (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1205 (2011-2012)
Innlevert: 11.04.2012
Sendt: 12.04.2012
Svart på: 19.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Øyvind Korsberg (FrP)

Spørsmål

Øyvind Korsberg (FrP): Viser til Fremtid i Nord 10. april, der det fremkommer at det ikke lenger gis anledning fra NVE til å kjøre ved, verktøy, materialer eller annet utstyr til hytter som er eiet av kommunen og et andelslag. Hyttene er gamle og trenger mye vedlikehold og har også historisk stor verdi da de ikke ble brent ned under krigen. Hyttene har stor betydning for innbyggerne i kommunen og er også til utleie.
Hva vil statsråden bidra med for å finne en løsning som sikrer transport av nødvendig utstyr til disse hyttene?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Først vil eg få seie at det ikkje er eg som har ansvar for NVE, men min kollega olje- og energiminister Ola Borten Moe. Når det gjeld spørsmål knytt til NVE, er han den rette til å svare på desse. Ut frå den informasjonen eg har om saka, gjeld spørsmålet ei hytte som er eigd av Statskog, og som så vidt ligg innanfor grensa til verneområdet for Kvænangsbotn landskapsvernområde, som vart oppretta vinteren 2011. Ei lokal velforeining har hatt driftsavtale for hytta med Statskog. Eg har forstått at det er slik at foreininga tidlegare har fått løyve frå NVE til bruke anleggsvegen inn til Kvænangsbotn kraftverk for å køyre inn ved og utstyr inn om sommaren, legge veden og utstyret att ved vegen, og når vinteren kjem, frakte det vidare inn til hytta med snøskuter etter dispensasjon frå kommunen.
Ut i frå spørsmålet legg eg til grunn at foreininga ikkje lengre får løyve frå NVE til å nytte anleggsvegen. Eg har òg fått vite frå Statskog at det ikkje lengre føreligg nokon gyldig driftsavtale med velforeininga om hytta. Slik eg har forstått har Alta kommune blant anna av den grunn ikkje handsama ein søknad frå velforeininga om dispensasjon til køyring utanfor open løype for å nå fram til hytta.
Eg kjenner ikkje bakgrunnen for NVE sitt avslag. Som nemnt, høyrer ikkje dette under mitt ansvarsområde som miljøvernminister. Det gjer heller ikkje usemja mellom Statskog og velforeininga.
Ut frå den informasjonen eg har om saka, kan eg ikkje sjå at vanskane som velforeininga hittil hevdar å ha møtt, er eit resultat av at hytta ligg i eit landskapsvernområde.
Generelt vil eg òg leggje til at eg er kjend med at forvaltningsstyresmaktene for verneområda i Troms er i dialog med Statskog med mål om å bli einige om prinsipp og retningsliner for transport til Statskogs hus og hytter som ligg i verneområda.