Skriftleg spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1980 (2011-2012)
Innlevert: 20.09.2012
Sendt: 21.09.2012
Svart på: 28.09.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Våren 2012 ble det nedsatt et utvalg som skulle undersøke hvordan ulvesonen fungerer og om det er behov for endringer.
Kan statsråden si noe om status og fremdrift for dette arbeidet?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Som representanten viser til sette departementet i mars i år ned eit utval som skal evaluere ulvesona (forvaltingsområdet for ynglande ulv). Bakgrunnen for denne evalueringa er rovviltforliket (Representantforslag 163 S (2010-2011)) punkt 4.4.
Utvalet har i oppdrag å evaluere ulvesona innanfor ramma av rovviltforliket frå 2011. Vidare skal utvalet vurdere om det er hensiktsmessig å ha ei ulvesone, kva som frå eit naturfagleg synspunkt er eit hensiktsmessig forvaltningsområde for ulv og justeringar av dagens forvaltningsområde for ulv basert på erfaringar sidan 2005. Utvalet skal også ta omsyn til ulike andre moment i si vurdering, slik som tal på dyr på utmarksbeite, påviste ulveskader og kjent førekomst av ulv.
Utvalet fekk i mandatet i oppgåve å arrangere ei ”Erfarings- og fagkonferanse”. Denne vart arrangert på Gardermoen i juni, og ulike aktørar var invitert for å presentere faglege innlegg og erfaringar som kunne være relevante for utvalet.
Utvalet skal rapportere til Miljøverndepartementet innan 15. oktober i år. Departementet meiner det er naturleg å sjå evalueringa av ulvesona i samanheng med annan oppfylging av rovviltforliket når det gjeld bestandsmål av ulv, og vil fylgje opp evalueringa på egna vis.