Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:548 (2012-2013)
Innlevert: 19.12.2012
Sendt: 20.12.2012
Svart på: 09.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Regjeringen har nylig bidratt til å fremforhandle en Kyoto II-avtale.
Hvordan har Norge innfridd forpliktelsene vi ble pålagt av Kyoto-avtalen, og hvor stor andel av utslippsreduksjonene ble gjort i Norge?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Noreg har ei forplikting under Kyoto-protokollen til å redusere utslepp for perioden 2008-2012. Utsleppsforpliktingane under protokollen blir uttrykt i prosent av eit land sine utslepp i 1990, som eit årleg gjennomsnitt for perioden. Noreg sine utslepp skal gjennomsnittleg ikkje vera høgare enn 1 prosent over 1990-utsleppa i perioden 2008-2012. Noreg har utover denne forpliktinga bestemt å overoppfylle Kyoto-avtalen med 10 prosent. Regjeringa har også vald å overoppfylle første periode med 1,5 mill. tonn CO2 per år ved å avstå frå å bruke kvotar som stammar frå tilvekst av skog. Partane til protokollen kan bruke dei fleksible Kyoto-mekanismane som supplement til nasjonale tiltak når dei skal oppfylle sine forpliktingar.
Noreg er del av EU sitt kvotehandelssystem for bedrifter, som vart oppretta som eit ledd i å oppfylle Kyoto-avtalen. Utslepp som er omfatta av EU sitt kvotesystem har for perioden fram til 2013 utgjort noko under 40 prosent av norske utslepp. Dei som er omfatta av dette systemet må levere kvotar lik sine utslepp til staten. Bedriftene vil levere fleire kvotar til staten enn staten har lagt inn i systemet i perioden. Kvoteoverskotet vert brukt til å oppfylle den nasjonale kvoteplikta etter Kyoto-avtalen i første periode. Noreg oppfyller blant anna derfor Kyoto-forpliktinga for perioden 2008-2012 utan statlege kjøp av klimakvotar. For å bidra til overoppfyllinga på 10 prosent kjøper staten kvotar frå prosjekt i andre land, gjennom blant anna Den grøne utviklingsmekanismen (CDM). Staten er godt i rute med dei kjøp som er nødvendige for at Noreg skal overoppfylle Kyoto-forpliktinga for perioden 2008-2012.
Noreg fører ein aktiv nasjonal klimapolitikk, som gir gode resultat. På usikkert grunnlag vert det anslått at dei årlege norske utsleppa i 2010 ligg 11–14 millionar tonn CO2-ekvivalenter, eller vel 20 prosent, under det dei ville gjort utan vår nasjonale klimapolitikk. På usikkert grunnlag vert det antatt at klimatiltak som er gjennomført sidan 2007 har redusert dei årlege utsleppa i Noreg med opp mot 5 millionar tonn i 2020. I tillegg bidreg regjeringa til utsleppsreduksjonar i utviklingsland og framvoksande økonomiar, blant anna ved kjøp av klimakvotar gjennom Den grøne utviklingsmekanismen (CDM).
Kyoto-protokollen fastset også krav til etablering av nasjonale system samt metodikk for berekning av utslepp og opptak av klimagassar, krav til årleg rapportering av utslepp, og til finansiering av klimatiltak i u-land. Noreg har på plass nasjonale system, og rapporterer årleg om sine utslepp i tråd med reglane i FNs rammekonvensjon for klimaendringar og Kyoto-protokollen. Noreg rapporterer også med jamne mellomrom til FN om korleis vi gjennomfører våre forpliktingar. Dette inkluderer blant anna ei grundig rapportering av nasjonale forhold, status for utslepp og framskrivingar, og tiltak og verkemiddel Noreg gjennomfører for å redusere sine utslepp. Desse rapportane (”national communications”) ligg på Miljøverndepartementet sine nettsider.
Ifølgje Kyoto-protokollen skal eit endeleg oppgjer, for å fastslå om landa har oppfylt sine forpliktingar for perioden 2008-2012, finne stad når FN har revidert utsleppstala for perioden 2008-2012. Det endelige oppgjeret vil kunne ta fleire år. Dette heng saman med tida det tek å ha ferdig reviderte utsleppstal for heile perioden. Noreg har rapportert sine utslepp til og med året 2010, og det er venta at utsleppstala for 2010 vil vera ferdig reviderte først våren 2013. Utsleppstala for 2012 vil først verte rapportert i 2014. Etter at utsleppstala for heile perioden er revidert vil Kyoto-partane ha ein tilleggsperiode på 100 dagar til å sikre oppfylling av sine forpliktingar. Sjølv om landa har god kontroll på sine utsleppsforpliktingar vil det endelege oppgjeret først kunne byrje etter den avtalte tilleggsperioden for oppfylling er ferdig rundt 2015.