Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:159 (2013-2014)
Innlevert: 03.12.2013
Sendt: 04.12.2013
Svart på: 12.12.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til oppslag i Sunnmørsposten 28. november der statsråden uttalar at helseføretaka ikkje kan nytte økonomiske argument for å kutte i akutt- og fødetilbod ved sjukehusa. Ein rapport frå Oslo Economics viser at Helse Møre og Romsdal HF er underfinansiert, og helseføretaket må kutte 160 millionar i neste års budsjett for å kome i balanse.
Vil statsråden oppretthalde noverande akutt- og fødetilbod i Møre og Romsdal, og er han villig til å revurdere den omstridde finansieringsmodellen i Helse Midt-Noreg RHF?

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Regjeringa si politiske plattform gir klare føringar om at det ikkje skal leggjast ned akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngitt med pasienttryggleik og kvalitet, før ein nasjonal helse- og sjukehusplan er behandla.
Helse- og omsorgsdepartementet overfører inntekter til dei regionale helseføretaka, som igjen har ansvar for å tildele inntekter til eigne helseføretak og private verksemder i samsvar med ”sørgje for”-ansvaret sitt. Fordelinga mellom dei regionale helseføretaka er fastsett gjennom den såkalla Magnussenmodellen (NOU 2008:2) som blei innført frå 2009. Denne modellen ligg fast. Dei fire regionale helseføretaka nyttar inntektsfordelingsmodellar som tek utgangspunkt i Magnussenmodellen (som er tilpassa den enkelte region). Dette gjeld også Helse Midt-Noreg. Eg er kjend med at Helse Midt-Noreg har ei følgjeevaluering av modellen, og det er gjort endringar med verknad frå 2014. Eg vil og legge til at det ikkje berre er fordeling av inntekter som har verdi for inntektsnivået i sjukehusa. I budsjettet for 2014 er det ein historisk høg aktivitetsvekst på 2,6 pst. Dette kjem også Helse Møre og Romsdal til gode.