Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:556 (2013-2014)
Innlevert: 19.03.2014
Sendt: 20.03.2014
Svart på: 26.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Til Klassekampen 18/3 uttalar statsråden at han er uroa for unge som fell ut av arbeidslivet. På spørsmål om kva konkrete tiltak statsråden ser føre seg for å møte denne utfordringa, trekk han fram eitt tiltak: bransjeskulane i næringslivet. Statsråden seier at han vil sjå på om desse kan nyttast til å gje naudsynt kompetanse i framtida og finne betre løysingar.
Meiner statsråden at private yrkesfagskular er betre eigna enn offentlege til å få unge ut i arbeidslivet, og vil han fremje fleire tiltak enn dette eine?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Som representanten Bjørndal peikar på, så meiner eg at vi som samfunn har ei stor utfordring når det gjeld å motverke at unge fell ut av arbeidslivet. Ein betydeleg del av dei som er brukarar av NAV sine tenester har ikkje fullført vidaregåande skole. Mi otte er dei mange som manglar kompetanse for å få eit fast fotfeste i arbeidslivet, ikkje kven som leverer kompetansen.
Spørsmålet til meg er om private yrkesfagskolar. Dette er Kunnskapsministeren sitt ansvarsområde. Mitt svar er difor gjeve i samråd med han. Ei rekkje bransjar har tilbod om opplæring, nokre også i form av eigne skolar, som til dømes varehandelen, byggebransjen, norsk industri og frisørbransjen. Ein føresetnad for å kunne ta del i mange av desse opplæringstilboda er at ein er tilsett i ei verksemd i den aktuelle bransjen, og at deltaking i opplæringa er anbefalt eller godkjend av overordna. Desse tilboda er difor ikkje opne for alle.
Ein del av tilboda er knytt opp til det formelle utdanningssystemet og bruker nasjonale læreplanar for faga. Men det er også mange tilbod kor arbeidsgjevarane definerer innhald og rammer for opplæringa. Det er tilfelle ved ein del av kjedeskolane i varehandelen. Fafo hadde ein gjennomgang av desse kjedeskolane i 2010. Dei peika på at skolane i store trekk driv ei ”produktretta” opplæring, som har liten overføringsverdi både til andre verksemder i bransjen og til det formelle utdanningssystemet.
I Sundvolden-erklæringa har regjeringa varsla at ho vil arbeide for ei ny friskolelov. Skolar som fyller krav til innhald og kvalitet vil kunne ha rett til godkjenning, med mindre dette vil gi negative konsekvensar for det offentlige skoletilbodet. Kunnskapsdepartementet har satt i gang eit større arbeid med sikte på heilskaplege lovendringar for å gjennomføre regjeringa sin politikk.
Kunnskapsdepartementet har nyleg hatt på høring eit forslag om at det i særlege tilfelle kan gi dispensasjon og godkjenne einskilde private skolar som er nyskapande samanlikna med eksisterande offentlege og private skolar. Slik vil ein kunne godkjenne einskilde skolar innan ny lov kan tre i kraft. Skolar som vil kunne falle inn under dispensasjonsordninga kan til dømes vere somme private realfagsgymnas og yrkesfagskolar. Med forslaget om ei dispensasjonsordning vil ein også vinne erfaring med søknadar om nye skolar som er nyskapande, og som kan ha generell nytte. Kunnskapsdepartementet vil leggje vekt på om søknaden vert støtta av den aktuelle bransjeorganisasjonen ved søknader om godkjenning av yrkesfagskolar.