Skriftleg spørsmål fra André N. Skjelstad (V) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1249 (2013-2014)
Innlevert: 22.09.2014
Sendt: 22.09.2014
Svart på: 25.09.2014 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

André N. Skjelstad (V)

Spørsmål

André N. Skjelstad (V): Er det rett at kommunal- og moderniseringsministeren ikkje kjem til å legge engasjement i å følgje opp Stortinget sitt vedtak om å tilføre nye oppgåver frå staten til eit regionalt nivå, og at Høgre i Regjering framleis styrer inn mot at det berre skal vere to forvaltingsnivå?

Grunngiving

I eit intervju med NRK Sogn og Fjordane 16/9-14 gir Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane uttrykk for at han etter å ha vore på Høgre sin kommunalkonferanse nylig har svært lite tru på at Kommunal- og regionalministeren vil engasjere seg i å tilføre nye oppgåver til eit regionalt forvaltingsnivå, og seier at dette "faktisk ikkje har vore tema i Høgre".
Høgres fylkesleiar Arve Mjømen seier om Stortinget sitt vedtak om eit regionalt nivå at "Eg er kjend med at nokon vil ha eit tredje forvaltingsnivå i form av regionar beståande av fleire fylke, men det nivået må også ha nokre oppgåver å styre med." og vidare at "Ved at vi no gjer fylkeskommunen overflødig med oppgåveforflytting, vil dette no på sikt gå den vegen Høgre vil, nemlig at fylkeskommunen ikkje skal eksistere lenger."
Om spørsmålet om å tilføre nye oppgåver frå staten til eit regionalt nivå, seier fylkesleiar Mjømen at "Dette (..å tilføre oppgåver til eit regionalt nivå..) har faktisk ikkje vore tema i Høgre. Det har dukka opp no etter valet at nokon meiner vi skal ha eit tredje forvaltingsnivå, men eg trur ikkje Jan Tore Sanner har så sterke meiningar om dette."
Dersom Mjømen har rett i det han seier om Kommunal- og moderniseringsministeren sitt arbeid om saka, er det ikkje i tråd med intensjonen i Stortinget sitt vedtak våren 2014.
Venstre fekk våren 2014 fleirtal i Stortinget for eit framlegg som slår fast at ein også etter kommunereformen skal ha tre folkevalde nivå, og at ein i samband med reformen skal sjå på kva nye oppgåver som kan ligge på regionnivået, her under kva oppgåver som skal flyttast frå stat til eit nytt regionalt nivå.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Jeg viser til Stortingets enstemmige vedtak 18. juni i år ved behandlingen av Venstres representantforslag i Dok 8:26 S (2013-2014):

"Stortinget ber regjeringen gjennomgå oppgavene til fylkeskommunene/et regionalt nivå parallelt med arbeidet med å gi flere oppgaver til kommunene. Dette kan gjøres med utgangspunkt i en sammenstilling fra tidligere utredninger. Stortinget imøteser en melding til Stortinget om dette våren 2015".

I tråd med Stortingets vedtak har jeg startet arbeidet med å utrede regionspørsmålet. Møreforsking er tildelt oppdraget og rapport vil etter planen foreligge i november. Rapporten skal blant annet gi en sammenstilling og vurdering av eksisterende utredninger om hvordan et nytt regionalt nivå kan inndeles og hvilke funksjoner og oppgaver som legges til grunn for ulike alternativer for inndelingen av regionalt folkevalgt nivå. Jeg mener det er naturlig at temaet og videre prosess omtales i stortingsmeldingen om oppgaver våren 2015. Jeg legger vekt på å ha god dialog både med partier i Stortinget og med representanter for fylkeskommunene i dette arbeidet, og mottar gjerne innspill i prosessen.