Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:66 (2014-2015)
Innlevert: 16.10.2014
Sendt: 16.10.2014
Svart på: 24.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Etter at Nygårdsparken stengte i sommar, har politiet i Bergen tatt i bruk ein praksis der heroinavhengige får utdelt bortvisningskart med innteikna soner der dei i kortare eller lengre tid ikkje har lov å opphalde seg.
Vil justis- og beredskapsminister gjere greie for politiets handtering av heroinavhengige i Bergen og forsikre om at politiet ikkje driv grov diskriminering, og om lovheimelen for utdeling av bortvisningsbrev til heroinavhengige med forbod om å opphalde seg på bestemte adresser og område?

Grunngiving

Spørsmålsstillar viser til oppslag i Bergensavisen 15/10.14. Klinikkdirektør i Bergensklinikkene, Kari Lossius, uttalar der at politiet praktiserer apartheid i forhold til rusavhengige. Det synes som om politiet "jagar" rusavhengige som dei mistenker har gjort eller vil gjere noe galt.
Ifølgje artikkelen er breva som blir delt ut til heroinavhengige heimla i politivedtektene paragraf 7 om "offentlig ro og orden".

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Som innleiing vil eg først få understreke at område med rusmiddelbruk og –omsetjing representerer både eit ordensproblem og eit kriminalitetsproblem. Det skaper utryggleik for publikum og er samstundes med på å oppretthalde rusmiddelavhengigheit hos misbrukarane. Hordaland politidistrikt er, saman med fleire andre aktørar, aktive i arbeidet med å stanse den openlyse omsetjinga og bruken av narkotiske stoff på dei opne russcenane i Bergen. Arbeidet blir utført i tråd med ein felles handlingsplan mellom Bergen kommune, Helse Bergen, og Hordaland politidistrikt. Målet er å få bort dei opne russcenane i byen, og hjelpe dei rusmiddelavhengige. Planen har grunnlag i bystyret og hos politimeistaren i Hordaland. Eg har fått opplyst frå Politidirektoratet at politiets metodebruk er i samsvar med metodar og strategiar som er nytta i Oslo og andre europeiske byar som har eller har hatt dei same utfordringane.
Politiets innsats er i hovudsak retta mot kriminalitet som blir utført på dei opne russcenane i Bergen. Den openlyse omsetjinga og bruken av narkotika skaper ei rekke lovbrot på desse stadene og i nærområda. Politiet mottar derfor ei relativt stor mengde meldingar om straffbare handlingar her. Det gjeld både ran, vinningskriminalitet, valdslovbrot, ulovleg knivbæring, ordensrelaterte forhold og brot på utlendingsloven m.m.
Politiets arbeid skjer i stor grad i samarbeid med helsevesenet og andre offentlege instansar. Ein metode som blir nytta for å løyse opp dei opne russcenane, er bruk av bortvisingar frå områda der det er mykje ulovleg rusmiddelbruk. Grunnlaget for bortvisingsvedtak blir gjort primært med heimel i politiloven § 7. Bestemmelsen seier at politiet for å handheva offentleg ro og orden kan regulera ferdselen, forby opphald i bestemte områder, avvise eller bortvise personar. Ein annan metode som blir nytta, er å gje førelegg for narkotikarelaterte lovbrot i desse områda.
Hordaland politidistrikt har nytta seg av røynslene frå blant anna Oslo politidistrikt som ei tid har hatt ekstra merksemd retta mot opne rusmiljø i hovudstaden.
Politidirektoratet har opplyst at bortvisingane er knytta til to på førehand definerte soner rundt dei opne russcenane i Nygårdsparken og ved Korskirkeallmenningen. Politiet har utarbeidd bortvisingsskriv med kart som viser bortvisningsområdet. Skriva inneheld og ei grunngjeving for bortvisinga med heimel og det konkrete pålegget som er gjeve i dei enkelte tilfella.
Dei to sonene for bortvisning er definerte med utgangspunkt i kvar det er flest melde narkotikalovbrot og der politiet gjennom eigen informasjon har kjenneskap til at det går føre seg både ulovleg omsetjing av narkotika og openlys bruk. Sonene tar altså primært utgangspunkt i talet på melde brot på narkotikalovgjevinga.
Statistikken viser at det blir gjort vesentleg fleire narkotikalovbrot innanfor desse sonene enn andre stader i politidistriktet. Politiet har og lagt vekt på at lovbrota skjer i det offentlege rom og på stader der publikum kan ferdast dagleg.
Vidare opplyser Politidirektoratet at Hordaland politidistrikt påpeikar at rus i seg sjølv ikkje er ein bortvisingsgrunn, men dersom rusen medfører uro og uorden eller liknande, vil bortvising vere aktuelt også i slike tilfelle. Politiet legg og vekt på at ein person som har eit ærend i området, t.d. avtale med lågterskeltilbod eller henting av LAR-medisin, skal få unntak frå bortvisinga.
Eg kan for min del ikkje sjå at politiet driv noko diskriminering i sitt arbeid på dette området.
Eg meiner at det er grunn til å tru at russcenene vil endre eller tilpasse seg i takt med resultatet av det arbeidet som politiet utfører i samarbeid med dei andre aktørane. For min del er det viktig å få fram at det er eit klart mål å unngå at nye russcener får etablert seg i Bergen sentrum. For politiet og kommunen er dette etter mi oppfatning eit viktig arbeid både for å hjelpe dei rusmiddelavhengige og for å gjere område i Bergen tryggare for publikum.