Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:118 (2014-2015)
Innlevert: 24.10.2014
Sendt: 24.10.2014
Svart på: 31.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Har statsråden gjort seg førebelse erfaringar frå pilotprosjektet i tolketenesta, og vil han halde fram Stoltenberg-regjeringa si styrking av tolketenesta slik at særleg frilanstolkar kan få betre løns- og arbeidsvilkår?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Pilotprosjektet i tolketenesta inneber at oppdragrelaterte kostnadar som reise, overtid osv. for fast tilsette tolkar i tre fylkar vert belasta stønadsbudsjettet framfor driftsbudsjettet til hjelpemiddelsentralane. Målet med prosjektet er å sjå om dette kan gje ei meir føremålsteneleg fordeling av tolkeoppdrag mellom fast tilsette tolkar og frilanstolkar, og om dei samla ressursane såleis kan bli utnytta betre. Det skal gjerast ein førebels analyse av pilotprosjektet i november, og før det er det ikkje mogeleg å seie noko meir konkret om erfaringane frå prosjektet.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2015 å styrke tolketenesta. Blant anna har Regjeringa foreslått å gjere ordninga med arbeidsplasstolking i regi av hjelpemiddelsentralane permanent. Vi har også foreslått å auke løyvingane til Arbeids- og velferdsetaten for at tolketenesta skal kunne drive meir systematisk opplæring av følgjepersonar for døvblinde.
Arbeids- og sosialdepartementet planlegg og ein gjennomgang av tolkeområdet der mellom anna situasjonen til frilanstolkane skal inngå. Eg er vidare orientert om at Arbeids- og velferdsdirektoratet har innkalla Tolkeforbundet og tenestemannsorganisasjonane til møte i veke 46 for å starte arbeidet med utkast til ei formalisert samhandlingsordning i form av ein privat overeinskomst. Ved å inngå ein slik overeinskomst vil frilanstolkane sine representantar få medverke i dei prosessane som fastset rammene og retningslinene for etaten sine oppdrag og bruk av frilanstolkar. Arbeids– og velferdsdirektoratet vil ta med seg innspel frå møta og leggje dei fram for departementet. Eg har tru på at denne løysinga vil føre til eit betre samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og frilanstolkane og gje ein betre situasjon for tolkane.