Skriftleg spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:377 (2014-2015)
Innlevert: 16.12.2014
Sendt: 16.12.2014
Svart på: 19.12.2014 av finansminister Siv Jensen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden synleggjera gjennomsnittleg og median utlikna skatt i aldersgruppene 25-62 år for åra 2000-2013 for i) registrert busette i Norge, ii) befolkninga eksl. innvandrarar, iii) innvandrarar frå Norden, iv) innvandrarar frå Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, v) innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa, vii) innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania, viii) innvandrarar frå Asia, ix) innvandrarar frå Afrika, x) innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika og xi) innvandrarar frå Polen?

Grunngiving

Det er store skilnader i alderskorrigert sysselsettingsgrad mellom befolkninga eksl. innvandrarar og ulike innvandrargrupper, slik SSB definerer innvandrarar. Finansieringa av våre universelle velferdsordningar byggjer mellom anna på eit relativt høgt skattenivå og høg sysselsettingsgrad. Det norske samfunnet er bygt opp rundt toinntektsfamiliar. Å sikre at også innvandrarfamiliar blir toinntektsfamiliar er det viktigaste enkelttiltaket for å hindre fattigdom i innvandrarbefolkninga. På denne bakgrunn er det viktig å synleggjera skilnader i utlikna skatt mellom ulike innvandrargrupper og befolkninga elles for dei aldersgruppene som har høgast yrkesdeltaking.
Polakkar utgjer den største netto innvandringsgruppa til Noreg etter at Den europeiske unionen (EU) vart utvida austover i 2004. Stortingsrepresentantar og statsrådar er gjentekne gonger sitert på at arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa løner seg (les: både for arbeidsgjevar og for nasjonen Noreg).
Mellom anna difor er det viktig å få synleggjort utlikna skatt for polakkar busett i Noreg sidan desse må definerast som arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. Statsråden må gjerne òg leggja fram tal for utlikna skatt for andre innvandrargrupper der statsråden meiner desse gruppene skil seg ut på ein positiv eller negativ måte.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Vedlagt er tal frå Statistisk sentralbyrå sin inntektsstatistikk for 2000-2013. Tala viser gjennomsnittleg og median utlikna skatt for personar i alderen 26-62 år i heile befolkninga, befolkninga utanom innvandrarar og for innvandrarar frå Norden, Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, EU-land i Aust-Europa (med innvandrarar frå Polen), Polen, ikkje-EU-land i Aust-Europa, Nord-Amerika og Oseania, Asia med Tyrkia, Afrika og frå Sør- og Mellom-Amerika.
Tala omfattar registrerte busatte personar ved slutten av året. Tala skil ikkje mellom grunn for innvandringa og etter botid. Innvandrarar er definerte som personar fødd i utlandet med to foreldre og fire besteforeldre som alle er fødd i utlandet, og som på eit tidspunkt har innvandra til Noreg. Personar som er fødd i Noreg, men har foreldre som har innvandra, er ikkje med i tala.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format