Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:637 (2014-2015)
Innlevert: 18.02.2015
Sendt: 18.02.2015
Svart på: 24.02.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Viser til brev av 15.12.14 frå samferdselsdepartementet der det vert vist til at Sogn regionråd sitt syn vil verta teke med i vurdering vedkommande utforminga av anbod på ferjestrekninga Hella-Vangsnes-Dragsvik. Anbodet for denne ferjestrekninga er no ute på anbod med anna ordlyd enn førespegla. Opsjonsruta er ikkje utlyst, ferjetabellen er heller ikkje lagt ut i anbodet.
Vil ministeren sørge for at anbodet vert i tråd med det som er sagt med utvida avgangstider og faste 20 evt. 30 minutts avganger og nattferjer?

Grunngiving

Vedkommande ferjesambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik.
Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Vi arbeider for betra ferjesamband for Hella-Vangsnes-Dragsvik og har over tid vore i kontakt med Statens vegvesen Region vest for å utdjupa og synleggjera behovet for auka frekvens på dagtid og nattferjer på dette sambandet.
Vi er gjort kjent med at Statens vegvesen Region vest har ein prosess mot Vegdirektoratet om kva føringar som skal leggjast til grunn når ferjesambandet blir lyst ut på nytt med kontraktsoppstart frå 1.1.2016. Dette går på kva rutestruktur som skal leggast til grunn i neste anbodsperiode, som bl.a. tal turar, ”stiv” frekvens og nattavgangar. Vidare er vi orienterte om at Statens vegvesen Region vest har nattavgang på Vangsnes-Hella-Dragsvik høgt oppe på prioriteringslista, dersom ramma vert auka i inneverande kontraktperiode.
Sambandet blir per i dag trafikkert med to ferjer i ca. 10 månadar og 3 ferjer i ca. 2 månadar, og er eitt av få riksvegferjesamband utan stive avgangar og nattferjer. Stive avgangar er viktig for næringslivet og for innbyggjarane i ein felles bu-, arbeidsmarknad- og serviceregion. Kommunane Vik og Balestrand har pendlaravstand til Sogndal som er regionsenter og Leikanger som er sete for stat- og fylkesadministrasjonen, til saman mange hundre arbeidsplassar. Det har vore nedgang i folketalet for begge kommunane, for Vik er nedgangen 6% og for Balestrand 12% siste ti åra. Betra ferjetilbod vil gjera kommunane meir attraktive både for dei som vil busetja seg i regionen og for næringslivet som vurderer å etablera seg, og kan bidra til å snu ei negativ folketalsutvikling.
Føreseieleg ruteplan inneber at fleire aksepterer å pendla fordi det krev mindre planlegging og kortar ventetida om ein ikkje rekk ferja. På enkelte ruter er det opptil 55 minutt mellom ferjeavgangane. For næringslivet vil auka frekvens og nattferjer redusera tidsbruk og kostnader. Erfaringar viser at betra tilbod vil gje auka trafikk. Rådet ønskjer stive avgangar og nattferjer som er tilpassa næringslivet og pendlarane sine behov.
Anbodet er no lagt ut på Doffin med 2 ferjer på vinter og 3 på sommar. I høyringa la vegvesenet opp til eit utlysing med 2+3 og i tillegg ei opsjonsrute med 3 ferjer heile året.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen har lagt ut ei rettleiande kunngjering i Doffin, der det blir informert om hovudrammene i kommande anbod for ferjesambandet rv 13/rv 55 Vangsnes – Hella – Dragsvik. I denne førehandskunngjeringa blir det opplyst at konkurransegrunnlag med rutetabellar m.m. blir lagt ut i Doffin innan 27. februar 2015.
Som omtalt i Samferdselsdepartementet sitt brev av 15.12.2014 til Sogn regionråd, har regionrådet sitt syn vore med i vurderinga ved utforming av kommande anbod for ferjesambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik. Det er no vedteke at sambandet skal driftast med to ferjer, med ei tredje ferje i sommartrafikk og ved høgtrafikkerte periodar. Det er lagt opp til å auke frekvensen for å få større grad av stiv frekvens. Meir detaljar om tilbodet etter 1. januar 2016, blir kunngjort i Doffin i løpet av denne veka.