Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:774 (2014-2015)
Innlevert: 18.03.2015
Sendt: 18.03.2015
Svart på: 25.03.2015 av næringsminister Monica Mæland

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): NRK omtalar 18/3 at ulovleg bruk av utanlandsk mannskap på fiskefarty er eit aukande problem. Norsk Sjømannsforbund fryktar omfattande sosial dumping. Ansvaret for å følgje opp arbeidstilhøva til det utanlandske mannskapet ligg til Sjøfartsdirektoratet, som seier til NRK at dette ikkje er ei prioritert oppgåve.
Er statsråden einig med sitt direktorat i at sosial dumping på fiskefarty ikkje skal prioriterast, eller vil ho ta grep for å sikre arbeidstilhøva i fiskeflåten?

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Det er klart at sosial dumping er noko vi ikkje ønskjer oss på norske skip. Eg er oppteken av å sikre sjøfolk gode og trygge arbeidsvilkår i Noreg.
Sjøfartsdirektoratet fører omfattande tilsyn med skipstryggleikslova og skipsarbeidslova som har til formål å sikre et godt arbeidsmiljø og trygge tilsetjingstilhøve på norske skip, irekna om arbeidstakar har gyldig arbeidsavtale.
Tilsynet med arbeidstilhøva om bord er dei seinare åra styrka gjennom innføring av ILO-konvensjon nr. 186 av 23. februar 2006 om sjøfolks arbeids- og levevilkår i norsk rett. Sjølv om konvensjonen ikkje gjeld for fiskefarty, er dei fleste av konvensjonens føresegner gjennomført også for denne fartygruppa. Departementet har vidare til behandling spørsmålet om å ratifisere ILO-konvensjonen nr. 188 av 14. juni 2007, som gjeld arbeidsvilkåra i fiskerisektoren særskilt.
Sjøfartsdirektoratet gjennomfører periodiske tilsyn, systemrevisjonar og ikkje førevarsla tilsyn. Utveljing av alle typar farty for ikkje førevarsla tilsyn gjerast blant anna på bakgrunn av tips og uromeldingar frå arbeidstakarar, organisasjonar og publikum. Sjøfartsdirektoratet har i dag ikkje nokon indikasjon på at sosial dumping er eit stort problem. Skulle derimot samtalene med arbeidstakar- og arbeidgivarorganisasjonane vise noko anna vil direktoratet fylgje opp dette i sitt trepartsamarbeidet.