Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:787 (2014-2015)
Innlevert: 19.03.2015
Sendt: 20.03.2015
Svart på: 27.03.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har regjeringa skrive eit mandat for TISA-forhandlingane, og kvifor er det enno ikkje mogleg for landets folkevalde å få sjå dette mandatet?

Grunngiving

Då EU offentleggjorde sitt forhandlingsmandat førre veke var mandatet eit offisielt dokument datert 8. mars 2013, før forhandlingane starta. Dokumentet gav informasjon om kva som er EU sine mål i TISA-forhandlingane. EU gjer i mandatet sitt greie for fleire element i TISA-avtala. Mellom desse er ei omtale av dei kontroversielle klausulane «frys» og «skralle», som kan låse politisk handlingsrom for folkevalde. I tillegg skriv EU at avtala skal innehalde ei «effektiv tvisteløsningsmekanisme». Om dette vil innebere ei investor-stat tvisteløysning eller ei stat-stat tvisteløysning synest ikkje klart. Etter at EU offentleggjorde sitt mandat publiserte regjeringa tysdag kveld «det norske posisjonspapiret» for TISA-forhandlingane. Det blei skapt eit inntrykk av at dette var det norske mandatet for TISA-forhandlingane. I det norske «posisjonspapiret» blir TISA-forhandlingane referert til i framtids form, der det mellom anna står skrive at «Norge skal bidra konstruktivt i forhandlingane (…) og «Norge framlegger sitt opningstilbud i forhandlingane så snart som mulig». På direkte førespurnad frå Attack har UD vedgått at teksten ikkje er skriven i 2013, men tvert i mot i 2015. Det er altså ikkje eit saksdokument som er «offentliggjort», men ein nyskriven tekst. Teksten er ei utgreiing for allereie kjende, og uklare, norske posisjoner. Teksten er, ifølgje regjeringa, basert på kjelder frå 2013.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: På grunnlag av semje blant om lag 50 WTO-medlemmar om eit felles rammeverk vedtok regjeringa Stoltenberg 2 våren 2013 at Noreg skulle ta del i forhandlingane om ei internasjonal avtale om handel med tenester (Tisa-avtala). Regjeringa Solberg stadfesta hausten 2013 denne avgjerda og vedtok å legge fram eit norsk opningstilbod. Tilbodet vart offentleggjort i november 2013 og gjort tilgjengeleg på regjeringen.no. Notatet som vart offentleggjort 17. mars er ei attgjeving av grunnlaget for desse vedtaka og er regjeringa sine posisjoner i Tisa-forhandlingane.