Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:884 (2014-2015)
Innlevert: 17.04.2015
Sendt: 20.04.2015
Svart på: 24.04.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Korleis ville finansieringa av E39 Rogfast sett ut om ein i staden for å kompensera rentene tilførte verdien av kompensasjonen som auka statleg bidrag?

Grunngiving

Det er sendt på høyring ein finansieringsanalyse for E39 Rogfast. Samstundes har regjeringa lagt fram ei ordning med rentekompensasjon.
Med dei føresetnadane som ligg til grunn for finansieringsanalysen er det ynskjeleg å vite korleis denne ville sett ut om ein tilførte verdien av kompensasjonsordninga som auka statleg bidrag stilt til rådvelde for prosjektet ved byggestart.
Det er ynskjeleg å få eit oversyn med mellom anna verdi av kompensasjonsordninga, totalkostnad for prosjektet, rentekostnad, bompengesats og bompengebidrag med desse to modellane.
Der ein legg til grunn føresetnadane i finansieringsanalysa med mellom anna 5,5 % rente slik statsråden og gjorde i ein artikkel på VG.no då han presenterte kompensasjonsordninga.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Rentekompensasjonsordninga er omtala i Meld. St. 25 (2014-2015) På rett vei. Der går det fram at Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med fleire detaljar, mellom anna om korleis ordninga skal implementerast.
Når alle detaljane er fastsette, vil Vegdirektoratet få i oppdrag å rekne på dei konkrete effektane av rentekompensasjonsordninga. Inntil da er det ikkje grunnlag for å gå ut med tal for særskilte prosjekt.
Ein stor skilnad mellom eit auka statleg bidrag og rentekompensasjonsordninga ligg i når utbetalingane frå staten vil skje. Ei ordinær statleg løyving vil skje i byggjeperioden, medan rentekompensasjon blir gitt over ei periode på 15 år. I kap. 4.4 i ovannemnde melding har regjeringa presentert hovudtrekka i måten rentekompensasjonen for einskilde prosjekt skal reknast ut. Her går det fram at den samla verdien av rentekompensasjon i den fastsette perioden mellom anna vil vere avhengig av rentenivået gjennom perioden. På denne måten vil ein del av risikoen knytt til det framtidige rentenivået bli overført frå bompengeselskapet til staten.