Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1226 (2014-2015)
Innlevert: 26.06.2015
Sendt: 26.06.2015
Rette vedkommende: Arbeids- og sosialministeren
Svart på: 02.07.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden sjå på moglegheita for at langtidssjuke pasientar som opplever hårtap i samband med sjukdomsforsløpet kan få krav på meir enn éin parykk?

Grunngiving

I dag har langtidssjuke pasientar som opplever hårtap i samband med sjukdomsforløpet krav på éin parykk, uansett talet månadar dei er sjukemelde. En parykk varer i ca. sju månadar. For pasientar med hårtap kan dette leie til psykiske utfordringar som i mange tilfelle også kan gjere det vanskeleg å vende tilbake til ein normal kvardag heime med familie og vener og på arbeidsplassen. Pasientar som er sjuke over lenger tid ønskjer ofte ein ekstra parykk slik at dei kan gå gjennom heile sjukdomsforløpet med så få plager som mulig.
Pasientar som er sjuke i over seks månadar må i dag sjølv betale for ein ny parykk, noko som har ein kostnad på fleire tusen kroner. Sett i samanheng med stønadsbeløpet som vert gitt under lengre sjukdomsforløp kan dette vere ei krevjande utgift å handtere for mange.
Det vil vere nyttig å vite om statsråden meiner det er rom for å gje langtidssjuke pasientar som opplever hårtap høve tiI å få meir enn éin parykk under sjukdomsforløpet.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Dagens reglar avgrensar i utgangspunktet ikkje moglegheita for langtidssjuke til å få meir enn ein parykk under sjukdomsforløpet. Dei øvre grensene for stønad fører truleg til at mange likevel sjølv må dekkje parykk nummer to, fordi stønaden i mange fall ikkje rekk til meir enn ein parykk.
Etter dagens reglar kan ein få stønad til ein eller fleire parykkar i kalenderåret etter behov. Stønaden utgjer likevel maksimalt 5 470 kroner per kalenderår. Personar som må nytte individuelt tillaga parykk på grunn av avvikande hovudform eller parykk med ekte hår fordi dei er allergiske mot syntetisk materiale, kan få stønad med opp til 14 150 kroner pr. kalenderår. Barn under 18 år kan få inntil to parykkar med ekte hår eller opp til seks syntetiske parykkar pr. kalenderår uavhengig av stønadsgrensa.
I utgangspunktet må hårtapet vere venta å vare i minst 2-3 år for at ein skal få stønad til parykk. Det er likevel ein fast praksis for at dette ikkje gjeld for personar med hårtap som følgje av medikamentell behandling eller operative inngrep. Dei kan få stønad sjølv om hårtapet er av kortare varigheit.
Personar med hårtap velgjer fritt kva for ein parykk dei skal kjøpe. Parykkane varierer svært mykje i pris. Nokre kan koste meir enn stønadsgrensa, medan andre kan koste mindre enn stønadsgrensa. Kor mykje den einskilde må betale sjølv, avheng mellom anna av kva for ein parykk ein vel å kjøpe, og kor godt ein tek vare på parykken.
Dagens reglar åpnar såleis for at ein kan få stønad til meir enn ein parykk.