Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1414 (2014-2015)
Innlevert: 08.09.2015
Sendt: 08.09.2015
Svart på: 11.09.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Gjennom eiga lov er det forbod mot basehopping i Trollveggen i Rauma kommune. Vil justisministeren ta initiativ til å få gjennomført ei vurdering av å fjerne forbodet?

Grunngiving

Det har vært forbudt å drive basehopping i Trollveggen sidan 1986. Forbodet var den gongen grunngjeve med at det skjedde fleire alvorlege ulukker på staden. Sidan den gong har mykje skjedd både med utstyr og kompetanse.
Signal fra politiet har vore at dei ser på dette som eit sovande forbod, fordi dei ikkje har ressursar til å handheve det. I ei vurderingen av om forbodet skal opphevast, må sjølvsagt omsynet til redningspersonell takast med. Spørsmålet blir kva som vil føre til færrast ulukker og færrast farlege redningsaksjonar, at forbodet blir ståande eller at det blir oppheva.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Forbodet mot fallskjermhopping i Trollveggen blei opprinneleg gjeve ved provisorisk lov 25. juli 1986, med heimel i Grunnlova § 17. Bakgrunnen for den provisoriske lova var at det sidan 1980 hadde vore fire dødsulykker og åtte store, risikofylte redningsaksjonar i samband med fallskjermhopping i Trollveggen.
Den provisoriske lova hindra fleire planlagte hoppsamlingar i Trollveggen, og blei avløyst av lov 12. juni 1987 nr. 57 om forbud mot fallskjermhopping m.v. innenfor visse fjellområder. Eg gjer merksam på at lova ikkje sjølv inneheld eit forbod mot basehopping, men gir Kongen fullmakt til å fastsette forskrifter om lokalt forbod i nærare bestemte fjell. Forbodet mot basehopping i Trollveggen er fastsatt ved forskrift frå 1987 (12. juni 1987 nr. 495 om forbud mot fallskjermhopping m.v. i Trolltindene). Det er ikkje fastsatt forskrifter om forbod for andre fjellområde.
Som det går fram av Ot.prp. nr. 69 (1986-87), er det i førearbeida til lova lagt vekt på at regelverket ikkje skulle gjere eit forbod meir vidtrekkjande enn behovet til ei kvar tid tilseier. Ei formell oppheving av den forskrifta som er gjeve for Trollveggen, synest i liten grad å ha vore diskutert. Eg vil no sjå på dei innspela som kjem frå lokalsamfunnet og politi- og redningsetatar med omsyn til om forbudet er føremålstenleg.