Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1007 (2015-2016)
Innlevert: 28.04.2016
Sendt: 29.04.2016
Svart på: 04.05.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden gjere greie for sitt syn på dekking av heimreiser for EØS-borgarar, særleg med omsyn til om dette skal dekkast av kommunane, og om Fylkesmannen i Hordaland si vurdering skal brukast som ei rettsleg føring?

Grunngiving

Bergen kommune ved byråd Erlend Horn sende den 26. november 2015 eit brev til dåverande statsråd Robert Eriksson med spørsmål om NAV-kontora må dekke reiseutgifter når ein EØS-borgar vil returnere til heimlandet. Spørsmålet er prinsipielt viktig, då dette kjem av ei avgjerd fatta av Fylkesmannen i Hordaland, som i ei enkeltsak har fastslått at NAV må dekke utgifter til heimreise.
Utgangspunktet for sosialtenestelova er at personar utan fast opphaldsstad i Noreg ikkje har rett til andre individuelle tenester enn opplysing, råd og rettleiing. Etter dei reglar som gjeld kan dei likevel ha rett på avgrensa økonomisk stønad dersom dei er i ein naudsituasjon. Som regel blir det då gjeve stønad til naudhjelp og reise til ambassaden, slik at dei kan kome i kontakt med heimlandet og få hjelp til heimreise. Dette var Fylkesmannen i Hordaland ikkje einig i. Dei meiner at det ikkje er nok å gje stønad til reise til ambassaden, men at NAV-kontora må gje dekke heile heimreisa. Bergen kommune meiner forskriftene i Rundskriv 35 til sosialtenestelova er klare. Der står det mellom anna å lese at:

«Bestemmelsen gjelder personer som ikke er norske statsborgere og som ikke har bopel i Norge, men som oppholder seg her lovlig. Dette vil i hovedsak gjelde turister og andre som oppholder seg kortvarig i Norge (…) Hvis en person befinner seg i en nødsituasjon og ikke kan sørge for sitt livsopphold, har vedkommende likevel rett til hjelp. Vedkommende kan ha rett til økonomisk stønad og midlertidig botilbud til det kan forventes at det vil være mulig å få bistand fra kilder i hjemlandet.»

Bergen kommune har kontakta andre storbyar som Kristiansand, Trondheim, Stavanger og Drammen, og samtlege har same praksis som Bergen kommune i saker som vedkjem heimreise og dekking av utgifter til ambassader i Oslo. Robert Eriksson svarte ikkje skriftleg på spørsmålet frå Bergen kommune, men valde heller å svare gjennom media. Der blei han sitert på at: «Enhver borger som kommer til Norge for å ta seg arbeid, har ansvar for å forsørge og finansiere seg selv. Har man kommet seg til Norge, får man klare å komme seg hjem igjen.»

Vidare er han sitert på følgjande:

«Har de ikke penger eller mulighet til å reise hjem selv, hviler det et ansvar – i dette tilfellet på – den Rumenske stat. Da må denne familien ta kontakt med ambassaden sin å få hjelp. Jeg mener at det ikke er Bergen kommune eller norske myndigheter sitt ansvar å få dem hjem. Det er ethvert individ sitt ansvar å forsørge seg selv. Kom de seg til Norge, så får de komme seg hjem igjen selv. Hvis ikke havner vi i en situasjon der alle kommer til landet med en lykkebillett i hånden, og forventer å bli påspandert hjemreise om det ikke fungerer her. Slik kan ikke ordningene fungere.»

Den 26. februar 2016 etterspurde Bergen kommune eit skriftleg svar på spørsmålet, og dei mottok eit svar frå departementets administrasjon den 14. april. Dei oppfattar ikkje at svaret er i samsvar med spørsmålet, og ynskjer ei politisk avklaring. Dersom Fylkesmannen si forståing av regelverket blir ståande ved lag, vil dette medføre store økonomiske og praktiske konsekvensar for kommunane.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: EØS-borgarar kan fritt opphalde seg i Noreg i tre månadar, eller i seks månadar om personen er arbeidssøkjar. Ein føresetnad for slikt opphald er at personen syter for sitt eige livsopphald. I denne perioden har personen som utgangspunkt ikkje rett på tenester etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven), med unnatak for opplysning, råd og rettleiing etter § 17 i lova eller om personen er i ein nødssituasjon.
Generelt gjeld det ved handsaming av søknad om økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven at det skal gjerast konkrete og individuelle vurderingar av hjelpebehov, stønadsbeløp og stønadsform. Hjelp til forsvarleg livsopphald skal gis etter ei individuell behovsprøving. NAV-kontoret skal gjere ei vurdering av tenestemottakaren sin heilskaplege situasjon. Kva som er eit forsvarleg livsopphald, vil variere ut frå personlege høve. Om tenestemottakaren har barn, skal det tas særlege omsyn til deira behov. For at det skal ligge føre rett til økonomisk stønad må den einskilde ha nytta fullt ut alle reelle moglegheiter til å forsyte seg sjølv. Det er ikkje nærare presisert i lova kva utgifter som skal dekkast av stønaden til livsopphald. Lova gir rettleiing om stønadsnivået i føremålet til lova og i kravet om at alle skal sikrast eit forsvarleg livsopphald. Eit stønadsnivå som ikkje sikrar mottakaren eit forsvarleg livsopphald og som ikkje bidrar til å fremje føremålet til lova i den einskilde sin situasjon, vil vere i strid med lova. Om tenestemottakaren er i ein nødssituasjon, kan stønaden avgrensast til utgifter til det heilt nødvendige. Med nødssituasjon meinast høve der tenestemottakaren ikkje har det heilt nødvendige og står kortvarig utan moglegheit til å skaffe seg det. Orsaka til at situasjonen har oppstått er ikkje relevant.
I og med at søknadar om økonomisk stønad vurderast konkret og individuelt i den einskilde saka, kan eg ikkje slå fast på generelt grunnlag korleis søknadar om stønad til reiseutgifter for EØS-borgarar skal handsamast. Det sentrale ved handsaminga av ein søknad om økonomisk stønad frå ein person som er i ein nødssituasjon vil vere å kartleggje kva nødssituasjonen består i og kva hjelp som skal til for å avhjelpe nødssituasjonen. Dette inneber å vurdere om det vil vere tilstrekkeleg å hjelpe med å opprette kontakt med kjelder i heimlandet for å overvinne nødssituasjonen, eller om det må setjast i verk andre tiltak for å avhjelpe situasjonen.