Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1228 (2015-2016)
Innlevert: 06.06.2016
Sendt: 06.06.2016
Svart på: 09.06.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Eg viser til den nylege hendinga der ein incestdømt fange skulle reise aleine med fly frå Lakselv til Bergen, men rømte under mellomlandinga på Gardermoen.
Er det vanleg praksis hos Kriminalomsorga at dei lar fangar som blir omplasserte frå eitt fengsel til eit anna reise utan tilsyn og vakter?

Grunngiving

Saka gjeld ein mann i 40-åra som var dømt til åtte års fengsel for grove overgrep mot sin eiga dotter og ei anna jente. Han sona i Vadsø fengsel, men fekk lov til å reise aleine til Bergen 22. april. Etter han landa på Gardermoen sette han seg aldri på flyet til Bergen. Han har no vore på frifot i over ein månad. Saka har blitt omtalt i fleire aviser og vitnar om ein uakseptabel måte å handtere potensielt farlege fangar på. Det har mellom anna kome fram at dottera sin bistandsadvokat ikkje fekk vita om at mannen hadde rømt før det var gått ein månad. Det tok også over ein månad før det vart levert politimelding i saka.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Jeg ser svært alvorlig på slike hendelser, og jeg er opptatt av å få frem alle fakta rundt den konkrete saken. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) gjennomgår alle sider ved saken og departementet vil motta en rapport når KDI er ferdig med gjennomgangen.
Jeg kan likevel informere om det ikke er vanlig praksis i kriminalomsorgen å la domfelte som ikke er i permisjonsrutine reise alene i forbindelse med overføring fra et høyt sikkerhetsfengsel til et annet. Som hovedregel skal domfelte transporteres mellom fengsler med høyt sikkerhetsnivå med følge av minst to tjenestemenn. Jeg kan også opplyse at den domfelte ble etterlyst den 22. april og politianmeldt den 5. mai. Kriminalomsorgen har for øvrig ikke adgang til å varsle bistandsadvokater uten at det foreligger samtykke fra de fornærmede selv.