Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:780 (2016-2017)
Innlevert: 03.03.2017
Sendt: 06.03.2017
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 14.03.2017 av næringsminister Monica Mæland

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kan statsråden greie ut om kva regjeringa har gjort for å gjennomføre oppmodningsvedtak nummer 35, om å vurdera å innføre eit e-opphaldsløyve i Norge, etter modell frå Estland?

Grunngiving

I statsbudsjettavtalen for 2017 vart regjeringspartia samde med Venstre og Krf om at ein skulle vurdera å innføre eit e-opphaldsløyve i Norge, etter modell frå Estland.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg føreset at spørsmålet frå stortingsrepresentant Rotevatn gjeld punkt nr. 35 i budsjettavtalen: "Vurdere en ordning med mulighet for registrering av firmaer og selskap i Norge uten fysisk tilstedeværelse etter modell fra Estland".
Eg er i gang med å følgje opp forslaget. Etter kva eg har kunne bringe på det reine, har Estland ein ordning kalla e-Residency, der vaksne personar kan få ein elektronisk identitet som kan brukast til mellom anna å starte næringsverksemd i Estland, utan å vere estisk statsborgar og utan å ha opphald i landet. I Noreg har vi ei ordning med såkalla d-nummer, som i stor grad fangar opp det same behovet. Slike identifikatorar er naudsynte for å kunne starte og drive næringsverksemd både i Noreg og i Estland. Det Estland har, som vi førebels ikkje har, er ein elektronisk signatur knytt til dette d-nummeret, men det er da heller ikkje krav om det før ein kan ta rollar i norske føretak.
Sakshandsaminga av oppmodingsvedtaket er knytt til fleire andre prosessar i departementet og etatane våre.
Brønnøysundregistera arbeider med å sikre at dei opplysningane som Føretaksregisteret legg til grunn når dei skal registrere personar med rollar i norske føretak, har størst mogleg kvalitet. Sikker identifisering av personer med roller i norske verksemder er ein viktig del av arbeidet. Dette heng saman med regjeringa sin strategi mot kriminalitet i arbeidslivet, som kom i ny utgåve 13. februar i år. Tiltaket gjeld mellom anna å greie ut ei forbetra handsaming av den prosessen som i dag gjeld for å gi ut D-nummer.
Sakshandsaminga er òg knytt til naudsynte endringar i selskapsretten, der eg nett no arbeider med endringar som skal gjere det mogleg å oppheve krava til bustad og statsborgarskap i aksjeloven og allmennaksjeloven. Det skal vere attraktivt å etablere seg i Noreg, samstundes som norsk lov skal gjelde for hendingar og krav med utspring i norske føretak.
Samankopling mellom føretaksregistra i EØS-området vil gje gode vilkår for å starte verksemd uavhengig av bustad. Dette prosjektet deltek både Noreg og Estland i.