Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:813 (2016-2017)
Innlevert: 13.03.2017
Sendt: 13.03.2017
Svart på: 14.03.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Har statsråden planar om å endra Utlendingsforskrifta slik at faglærte arbeidsinnvandrarar frå tredjeland får rett til dagpengar ved arbeidsløyse?

Grunngiving

Arbeidsinnvandrarar frå tredjeland (utanfor EØS) som kjem til Noreg med arbeidsløyve som faglært har ikkje rett til dagpengar ved arbeidsløyse. Dette er ei stor påkjenning for fleire i denne gruppa, særleg grunna nedgangen i oljenæringa.
Årsaka til at dei står heilt utan inntekt, er at ein i følgje folketrygdeloven berre har rett på dagpengar om einer villig til å utføra ein kvar form for arbeid. Med deira visum har dei ikkje lov til åta jobbar som dei ikkje er faglærte til. Arbeidsløyve deira gjeld berre arbeid for ein bestemt arbeidsgjevar, eller for ein type arbeid, og som regel berre for fulltidsarbeid.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Alle som bur eller arbeider i Noreg, er som hovudregel medlem i folketrygda. Utlendingar får i utgangspunktet same rett til trygd som norske borgarar. Folketrygdlova kapittel 4 stiller fleire vilkår for å få rett til dagpengar ved arbeidsløyse. Eit sentralt vilkår er at den arbeidslause må vere reell arbeidssøkjar. Det inneber at han eller ho må vere arbeidsfør og villeg til og i stand til å ta eitkvart arbeid på heiltid eller deltid kor som helst i Noreg.
Borgarar frå tredjeland må ha opphaldsløyve for å opphalde seg og arbeide i Noreg. Som hovudregel må arbeidstakaren vere faglært og arbeide hos ein arbeidsgivar. Når eit slikt arbeidsforhold er grunnlaget for løyvet, vil dette grunnlaget felle vekk når arbeidsforholdet vert avslutta. Det inneber at arbeidsinnvandrarar som vert arbeidslause, òg mister retten til å arbeide i Noreg. Dei kan heller ikkje fylle kravet til å vere reell arbeidssøkjar på grunn av reglane om type arbeid/stilling på fulltid og arbeid for ein arbeidsgjevar slik representanten Rotevatn også viser til. Dei kan likevel på visse vilkår opphalde seg i landet og søkje arbeid i inntil seks månader etter at arbeidsforholdet opphøyrte, dersom det opphavlege løyvet ikkje utløper.
På dette feltet vert behovet for arbeidskraft vurdert opp mot omsynet til å regulere innvandring. Det inneber mellom anna at eit løyve til faglært arbeid for ein arbeidsgjevar ikkje utan vidare kan utvidast til eit allment løyve til også å ta ufaglært arbeid. Kravet i folketrygdlova om å vere reell arbeidssøkjar må etter mi vurdering vere like strengt for alle. Kravet bør ikkje vere mindre strengt for arbeidssøkjarar som er i Noreg på mellombels opphald enn for andre arbeidssøkjarar.