Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1150 (2016-2017)
Innlevert: 22.05.2017
Sendt: 23.05.2017
Svart på: 31.05.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste eller avkrefte at opplysningane i artikkelen til Dagbladet er korrekte, og kan ho klargjere om Irakiske styresmakter reelt har ytra ynskje om at Noreg skal sende styrkar til Syria for å drive sjølvforsvar på Irak sine vegne?

Grunngiving

Dagbladet skriv måndag 22. mai at Jussprofessor Geir Ulfstein er uroa og stiller spørsmål om norske militære operasjonar i Irak og Syria er innanfor folkerettens sine rammer.
Dagbladet skriv at i følgje den arabiske nettstaden AMN, ga Irak dei norske soldatane fritt leide over grensa for å slutte seg til amerikanske og britiske styrkar inne i Syria. Dette skal ha skjedd trass i protestar frå regimet i Damaskus.
I følgje Dagbladet har Ulfstein følgjande oppmoding til regjeringa:

«Jeg synes absolutt at den norske regjeringen bør klargjøre om norske soldater har gått inn i Syria, og hvilken folkerettslig begrunnelse de har for å gjøre det», seier Geir Ulfstein til Dagbladet.

Dagbladet skriv at Ulfstein gjer det klart at det berre finst ei haldbar grunngjeving for å gå inn i Syria frå basar i eit naboland der norske militære er til stades for å gje støtte til landets eigne militære: Retten til sjølvforsvar, som går fram av FN-pakta sin artikkel 51.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brevet frå Stortinget sin president av 23. mai 2017 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om korleis norske styrkar si deltaking i koalisjonen mot ISIL skjer i samsvar med ønskja frå irakiske styresmakter, og særleg spørsmål om moglege operasjonar i Syria.
Noreg bidreg betydeleg både sivilt og militært til den internasjonale koalisjonen som kjempar mot ISIL. Koalisjonen består av over 60 land, inkludert ei rekkje arabiske statar. Irak spelar her ei sentral rolle. Dei norske styrkebidraga skjer i samsvar med koalisjonen sine operasjonsplanar og i nært samarbeid med irakiske styresmakter og resterande koalisjonspartnarar.
Norske styrkar som har base i Jordan er i kongeleg resolusjon av 11. mai 2016 gitt mandat til å trena, rettleie og gje operativ støtte til styrkar som koalisjonen samarbeider med, også på syrisk territorium, dersom operasjonskonseptet krev det. Operasjonskonseptet føreset at det er dei lokale styrkane som sjølv skal kjempe mot ISIL, men at norske styrkar kan yte støtte til operasjonane når det er naudsynt.
Av omsyn til tryggleiken til eigne styrkar, og i tråd med koalisjonen sin informasjonspraksis, kan eg i eit ope brev korkje stadfeste eller avkrefte om fullmaktene, som den kongelege resolusjonen av 11. mai 2016 gir, er nytta eller ikkje. Stortinget sin utvida utanriks- og forsvarskomité, der representanten er medlem, blir i sine møte jamleg orientert om tryggleiksgraderte, operative forhold knytt til bidraget.
Kampen mot ISIL nyttar. Som ein følgje av koalisjonen sin innsats er ISIL tydeleg svekka i Irak og Syria. Gruppa fortsetter å tape landområde, deira finansielle evner er reduserte og talet på framandkrigarar er kraftig redusert. Gruppa utgjer likevel framleis ein vedvarande og alvorleg tryggingstrussel i regionen og i andre delar av verda.