Skriftleg spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:1055 (2017-2018)
Innlevert: 28.02.2018
Sendt: 01.03.2018
Svart på: 12.03.2018 av helseminister Bent Høie

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Det er i dag krav om at bilførarar over 75 år må ha helseattest for at førarkortet skal vere gyldig.
Dette medfører mykje arbeid for legane, kan statsråden svare på kor mykje tid som går med til denne testinga og kor mykje dette kostar samfunnet?

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Det er Samferdselsdepartementet som er ansvarleg departement for førarkortforskrifta. Helsedirektoratet har utarbeidd helsekrava som er vedlegg til forskrifta på vegne av Vegdirektoratet.
Frå 2013 vart det eit krav at førarkortet alltid skal ha påteikna gyldigheitstid og eventuelle vilkår for kvar einskild klasse. Aldersgrensa for helseattest vart samstundes auka frå 70 til 75 år. Dei fleste av EU-landa har ei liknande ordning som Noreg. Ved fornying etter fylte 75 år, må søkar legge fram ein vanleg helseattest med inntil 3 års gyldigheit. Etter fylte 78 år kan helseattest skrivast ut med inntil 2 års gyldigheit. Ordninga kan mellom anna fange opp eldre førarar med høg helserisiko som elles ikkje ville gått til legen. Det er viktig for trafikktryggleiken at dei som køyrer bil oppfyller naudsynte krav til helse.
Helsedirektoratet reknar at den samla årsverksinnsatsen ved helseundersøkingar for personar som får fornya førarkort ved 75-, 78- og 80-årsalder utgjer om lag 10 årsverk.
Talet årsverk for helseattestane ved 75 års alder utgjer ca. 4,5.
For å rekne ut den samfunnsøkonomiske kostnaden knytt til krav om fornying av helseattest etter 75 år, er det fleire faktorar som må utgreiast, mellom anna om kravet medfører reduserte ulukkestal.
Tala for 2017 syner at i aldersgruppa over 75 år var det 2534 tilrådingar til politiet om inndraging frå fylkesmannen, av 8991 totalt. Fleirtalet av desse sakene, 1666 saker, var i sjukdomskategorien "kognitiv svikt". Etter Helsedirektoratet si vurdering vert mange av desse fanga opp nettopp på grunn av kravet til helseattest ved fylte 75 år og 78 år.
Eg syner elles til svar frå Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på spørsmål 1056, som peikar på er det aktuelt å vurdere å vidareutvikle gjeldande reglar i lys av ny kunnskap og røynsler frå andre land, særleg om vi kan gjere det enklare både for dei som har førarkort og for styresmaktene, samstundes som trafikktryggleiken ikkje vert skadelidande.