Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2136 (2017-2018)
Innlevert: 28.08.2018
Sendt: 28.08.2018
Svart på: 04.09.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis OMT gjennom eit offiser og eit sersjantkorps, utvida fyrstegongsteneste, fritak frå teneste gjennom permisjonar for studiar og barsel, samt nedlegginga av 2 bataljon vil påverke tilgangen Heimevernet har på personell årleg?

Grunngiving

Under høringa til riksrevisjonen 27.08.18 sa statsråden sitat; «Endringa av 2 bataljon vil ikkje påverke Heimevernet noko». NOF meiner at omgjeringa av 2 bataljon vil medføre kutt i talet vernepliktige på rundt 1500 årleg.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Vidareutviklinga av 2. bataljon og førstegongstenesta i Hæren er et resultat av landmaktsforliket, jf. Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018). Lat meg først understreke at 2. bataljon ikkje skal leggjast ned, men vidareutviklast frå ein lett infanteribataljon til ein mekanisert manøverbataljon bemanna av ein aktiv reserve. Vidareutviklinga av 2. bataljon må sjåast i samanheng med fleire andre tiltak regjeringa gjer for å auka landmaktas reaksjonsevne, kampkraft og uthald. Lengre førstegongsteneste, eigne utdanningsavdelingar for vernepliktige soldatar og ein aktiv reserve er eksemplar på slike tiltak. Dette har mellom anna til følgje at det i Hæren vil vere enkelte avdelingar som vil kunne få en reduksjon i den daglige bemanninga medan andre avdelingar får styrka bemanning. I tillegg vil det bli oppretta helt nye avdelingar som også skal bemannast, til dømes ny bataljon i Porsanger og jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger. Samla fører dette til at behovet for vernepliktige i førstegongsteneste vil vere om lag det same som i dag, og at talet på militært tilsette vil auke noko. Ettersom vernepliktige med 16 månaders førstegongsteneste gjer teneste lengre i dei respektive stillingane sine, blir det årlige behovet for nye rekruttar noko mindre. Vidare vil dei med 16 månaders førstegongsteneste og som vert overført til den aktive reserven, ikkje vere tilgjengelege for HV i etterkant.
Det er altså ikkje vidareutviklinga av 2. Bataljon, men endringane av førstegongstenesta som påverkar talet på dei som kan gjerast tilgjengelege for vidare teneste i HV. Likevel vil det framleis vere langt fleire som gjennomfører førstegongsteneste enn det vil vere behov for å anvende til vidare teneste i HV og andre delar av Forsvarets reservar.
Det er vidare fleire forhold som påverkar talet på og bakgrunn til dei som potensielt kan overførast til Heimevernet etter fullført førstegongsteneste kvart år. Dette blir mellom anna påverka av kven og kor mange som (1) kvalifiserer til vidare utdanning og teneste som offiserar eller spesialister i Forsvaret, (2) blir overført til andre delar av Forsvarets reservar og (3) får fritak for vidare teneste. Desse forholda kan også variere frå år til år.
Eg vil også understreke at Heimevernets rekrutteringsutfordringar først og fremst er knytt til rekruttering til Finnmark og rekruttering av offiserar og befal. Regjeringa har derfor lagt til grunn særskilde tiltak for å løyse disse utfordringane, jf. Prop. 2 S (2017–2018).