Skriftleg spørsmål fra Tonje Kopstad (SV) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:231 (2018-2019)
Innlevert: 25.10.2018
Sendt: 25.10.2018
Svart på: 31.10.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Tonje Kopstad (SV)

Spørsmål

Tonje Kopstad (SV): Kan regjeringa sjå på om ordninga med rektorutanninga innanfor kompetanse for kvalitet, kan utvidas til også å gjelde lærarar som vil bli rektorar - og leggje til rette for ei pilotering av ei slik utviding av ordninga i Valdres- og Hallingdalsregionen?

Grunngiving

Det er ei stor utfordring for skuleeigarar å rekruttere til skuleleiarstillingar. All skuleforskning viser at sjølv om skulen har høg kompetanse hos lærarane og høg lærardekning, får dei ikkje gode skuler utan profesjonell skuleleiing. Rektorutdanninga som UDIR legg opp til er tilpassa kandidatar som alt er tilsette i leiarstillingar, anten som rektor eller som inspektør/avdelingsleiar, og det er berre kandidatar tilsett i slike funksjonar som kan søkje rektorutdanninga. Gol kommune har nett tilsett ny rektor for Gol skule, som er ein nybygd 1-10 skule teken i bruk hausten 2016. Kommunen er godt nøgd med dei søkjarane dei fekk, alle fire var godt kvalifiserte. Men dei skulle gjerne hatt eit større søkjargrunnlag. Kvifor var det ikkje fleire som søkte, og er det noko kommunen som skuleeigar kan gjere med dette? Dei er kjent med at det ved utlysinga av andre rektorstillingar i regionane omkring, så har det måtte til fleire utlysingar for i det heile å få kvalifiserte søkjarar. I Nord-Aurdal var det same erfaringa; rektorstilling ved ungdomsskulen hadde berre 2 søkjarar, berre ein av desse var kvalifisert. Dette er ein heilt nybygd skule som opna hausten 2018. Kommunane trur det er lærarar som i dag er tilsette i skuleverket som har ambisjonar om leiarstilling. Diverre er det slik at det i dag ikkje fins tilbod som kvalifiserer desse formelt til å søkje rektorutdanning innanfor ordninga kompetanse for kvalitet. Ordninga med vidareutdanning for lærarar er svært god. Kommunane ynskjer seg ein tilsvarande ordning som gjeld skuleleiarutdanning.
Det er eit behov for å tenkje langsiktig ved rekruttering av skuleleiarar. Eit tilbod der lærarar som aspirerer til leiaroppgåver kunne søkt seg til ei rektorutdanning, ville kunne hjelpe skuleeigar i rekrutteringsarbeidet, og dei kunne på den måten fått ein større søkjarmasse. Kommunane ser for seg ein ordning der skuleigar tilrår eller avslår slike søknadar før det går vidare i systemet til UDIR, etter same modell som andre ordningar innanfor kompetanse for kvalitet. I Valdres- og Hallingdalsregionen er det truleg behov for å rekruttere inn i 18 skuleleiarstillingar med utgangspunkt i forventa pensjonsalder. Skal det rekrutterast frå eigne rekkjer, bør det vera utdanna anslagsvis 26 personar. Valdres- og Hallingdalsregionen ynskjer å væra ein pilot i samarbeide med ein høgskule, gjerne Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsdirektoratet og kommunane i Valdres og Hallingdal (12 kommunar), for å prøve ut ein modell for rekruttering og regional utdanning av skuleleiare. Målgruppa skal vera lærarar som aspirerer til skuleleiarar. Utvelgjingsgrunnlaget må vera etter modell for kompetanse for kvalitet. Høgskulen må få dekt sine utgifter i tråd med finansieringsmodellen kompetanse for kvalitet.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Rektorutdanninga er eit statleg finansiert vidareutdanningstilbod til rektorar og andre skuleleiarar i grunnopplæring og vidaregåande opplæring. Avdelingsleiarar og inspektørar kan derfor også søke. Utdanningstilbodet er skreddarsydd for leiarar som har formell leiarstilling med personalansvar og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid. Deltakarane skal lære meir om leiing og utvikle leiarskapet sitt, og derfor bør dei allereie vere leiarar. Studiet er lagt opp til at deltakarane skal dele erfaringane sine som leiar med dei andre på studiet, og dei skal mellom samlingar gjere erfaringar som leiar knytte til prosjektoppgåver og arbeidskrav. Dermed er deltakaranes erfaringar som leirarar ein ressurs inn i sjølve studiet. Søkinga til rektorutdanninga er god. 530 fekk tilbod om å starte på rektorutdanninga i 2018, og kapasiteten er så godt som fullt utnytta. Siste evaluering av utdanningstilbodet viser at deltakarane er svært fornøgde med kvaliteten på tilbodet. Dei meiner at dei ulike elementa og aktivitetane er godt organiserte, at tilbodet har eit godt innhald og god kvalitet, og at det er relevant for eigen praksis. At deltakarane opplever at relevansen er god, blir understreka av at relativt mange meiner at dei har forandra eigen praksis som følge av utdanninga. Deltakarane har også endra forventningane til seg sjølve som leiarar. På denne bakgrunnen er det ikkje ønskeleg å gjere endringar i rektorutdanninga og forutsetninga om at deltakarane allereie er leiarar. Mange lærarar ønsker å lære meir om leiing, og nokre vil også bli skuleleiarar med tida. Det er veldig bra. Av grunnar nemnt over er likevel ikkje lærarar i målgruppa for rektorutdanninga. Det blei derfor utvikla eit nasjonalt vidareutdanningstilbod for lærarar i leiing, «Ledelse i skolen». Tilbodet blei gitt frå hausten 2013. Frå hausten 2018 blei dette tilbodet tatt ut av strategien Kompetanse for kvalitet for å kunne prioritere tilbod som gir auka kompetanse i undervisningsfag. Lærarar som ønsker kompetanse innanfor leiing, kan søke dei ordinære tilboda i leiing som finst ved universitet og høgskular. Dei kan framleis gjere dette som ein del av Kompetanse for kvalitet, og søke om stipend- eller vikarordning for gjennomføring av studiet. Dette krev ein godkjenning av skuleleiing og skuleeigar. Når det gjeld utfordringane med rekruttering i Valdres- og Hallingdalsregionen, kan kommunane også gjennomføre målretta etter- eller vidareutdanning innanfor eige budsjett. Det er også mulig å prøve ut opplegg for rekruttering og regional utdanning av framtidige skuleleiarar innanfor den desentraliserte kompetanseordninga.