Skriftleg spørsmål fra Stefan Heggelund (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:355 (2018-2019)
Innlevert: 12.11.2018
Sendt: 13.11.2018
Svart på: 16.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Stefan Heggelund (H)

Spørsmål

Stefan Heggelund (H): Vil statsråden vurdere å gripe inn mot navnet Sørtoget, slik at Sørlandsbanen fortsatt kan få hete Sørlandsbanen?

Grunngiving

Selskapet Go-Ahead Nordic har varslet at de vil endre navnet Sørlandsbanen til Sørtoget. I Aftenposten 30.10. kunne vi lese begrunnelsen: "– Vi stilte oss spørsmålet, hvor tar man toget? Til Sør, og derfor valgte vi å forenkle dagens navn." En 105 år gammel navnetradisjon, som mange har et forhold og gode assosiasjoner til, blir brutt dersom Go-Ahead Nordic får viljen sin og endrer navnet. Det virker mildt sagt unødvendig.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har ved fleire høve stadfesta at ingen banestrekningar bytar namn som følgje av at ein ny operatør frå 2019 vil drive toga på Sørlandsbanen. Sørlandsbanen vil framleis være namnet på infrastrukturen.
Go-Ahead ynskjer å marknadsføre sjølve togtilbodet på Sørlandsbanen som 'Sørtoget' og namneskiftet er kommersielt retta mot forbrukarane. Det meiner eg dei må få lov til, det skil seg ikkje vesentleg frå at selskapet som opererer Gardermoenbanen heiter Flytoget. Eg meiner soleis at det bør være grenser for kva saker politikarar grip inn i. Merkenamn for private selskap meiner eg at staten ikkje bør detaljregulere.
Eg er mest opptatt av at kundane opplev at tilbodet er sikkert og trygt, stadig blir betre og at toga kjem når dei skal. Den nye leverandøren på Sørlandsbanen bidreg til auka konkurranse på jernbanen, dei skal halde oppe kvaliteten og redusere kostnaden for staten. På denne måten frigjer ein ressursar som kan nyttast til å betre tilbodet.