Skriftleg spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:915 (2018-2019)
Innlevert: 07.02.2019
Sendt: 07.02.2019
Svart på: 13.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Viser til at Jernbanedirektoratet fikk i oppdrag å utrede samfunnsøkonomien i bygging av jernbane på strekningene i aksen Fauske - Narvik - Tromsø, og at denne skal være ferdig sommeren 2019.
Har statsråden på noe tidspunkt vært i kontakt med direktoratet, uttalt seg eller på annen måte satt seg inn i utredningen?

Grunngiving

Ber i så fall om innsyn i dokumentasjon fra disse møtene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: 24. november 2017 sendte Samferdselsdepartementet eit oppdragsbrev til Jernbanedirektoratet kor ein bad Jernbanedirektoratet om å gjennomføre eit oppdatert kostnadsanslag for jernbane Fauske – Tromsø.
1. februar 2018 fekk Samferdselsdepartementet ein framdriftsplan for utgreiinga av jernbane Fauske-Tromsø frå Jernbanedirektoratet.
I forbindelse med utgreiinga av ny jernbane Fauske – Tromsø tok Samferdselsdepartementet imot først ein invitasjon 11. mai 2018 til ein innspelskonferanse 8. juni i Tromsø. 5. juli 2018 tok Samferdselsdepartementet imot ein ny invitasjon til innspelskonferanse i høvesvis Narvik 11. september 2018 og Fauske 2. oktober 2018. Alle konferansane vart gjennomført i regi av Jernbanedirektoratet. Samferdselsdepartementet deltok ikkje på nokon av desse konferansane.
Det har ikkje vært ytterligare kontakt mellom Samferdselsdepartementet og Jernbanedirektoratet i saka.