Skriftleg spørsmål fra Helge Orten (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1566 (2018-2019)
Innlevert: 06.05.2019
Sendt: 06.05.2019
Svart på: 09.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Helge Orten (H)

Spørsmål

Helge Orten (H): Betyr innholdet i Prop. 69 L (2018-2019) at tariffavtalen som gjelder for slik transport er allmenngjort?

Grunngiving

I Prop. 69 L (2018-2019) uttaler departementet følgende under pkt. 4.1.3

"Når det gjeld høyringsinstansane sine merknader knytt til lønns- og arbeidsvilkår for sjåførar viser departementet til at Lov om almenngjøring av tarfiffavtaler mv. vil gjelde og for dette området, uavhengig av løyvepolitikken for kommersielle ekspressbussruter".

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Prop. 69 L (2018-2019) Endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss) går det fram av punkt 4.1.3 at Lov om almenngjøring av tariffavtaler m.v. òg vil gjelde for dette området, uavhengig av løyvepolitikken for kommersielle bussruter. Dette er ein merknad til dei av høyringsinstansane som ønskte at det skulle stillast krav om bruk av landsomfattande tariffavtale knytt til lovframlegget om endring i yrkestransportlova om liberalisering av kommersiell busstransport.

Ovannemnde er ei klargjering av at spørsmålet om almenngjering av tariffavtaler generelt vert regulert i ei eiga særlov. Etter lov av 4. juni 1993 nr. 58 om almenngjøring av tariffavtaler m.v. er tariffavtale for turvogntransport i dag almenngjort, men ikkje tariffavtale for rutetransport.

Yrkestransportlova regulerer tilgangen til vegtransportmarknaden. Lova set i dag ingen krav om bruk av (t.d.) landsomfattande tariffavtale korkje for kommersiell godstransport, kommersiell rutetransport eller drosjeløyve. Felles for desse løyveregulerte verksemdene er at næringa må halde seg til dei krav som særlovgjevinga stiller til næringsverksemd, elles kan løyve verte inndrege.

Etter almenngjeringslova § 3 avgjer ei særskilt Tariffnemnd oppnemnt av Kongen om tariffavtale skal almenngjerast, dersom visse føresetnader er til stades. Eg meiner at Tariffnemnda, med heimel i almenngjeringslova, må vurdere om tariffavtale for innanlandsk kommersiell rutetransport skal almenngjerast dersom vilkåra for almenngjering er til stades.

Eg ser det ikkje som naturleg å innføre eit parallelt system for allmenngjering, som det vil vere å innføre eit lovfesta krav om allmenngjering etter yrkestransportlova.