Skriftleg spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2245 (2018-2019)
Innlevert: 04.09.2019
Sendt: 04.09.2019
Svart på: 18.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Antallet bomselskaper er redusert til fem, men hvor mange selskaper blir det totalt innenfor virksomheten bompengeinnkreving etter at regjeringens forskrift om å skille utstedelse av bombrikker og fergebilletter ut fra bompengeselskapene gjøres gjeldende?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Utferdarforskrifta blei gjort gjeldande frå 1. januar i år. Utferdarforskrifta fastset at dei bompengeselskapa som utferdar AutoPASS-brikker og -avtalar i dag, kan halde fram som integrerte utferdarar i ein avgrensa overgangsperiode. Eit fåtal selskap har så langt søkt om å bli uavhengige AutoPASS-utferdarar. Desse søknadane er no til behandling i Vegdirektoratet.

Utferdarselskapa er ansvarlege for innkrevjing av bompengar frå kundar med avtale medan bompengeselskapa er ansvarlege for innkrevjing frå kundar utan avtale. Før gjennomføring av bompengereforma var utferdaroppgåvene fordelte på om lag 35 bompengeselskap. Antal bompengeselskap er nå redusert frå 50-60 til 5. Dei regionale bompengeselskapa arbeider no med å samle utferdaroppgåvene, men dette arbeidet er ikkje fullført enno. I tillegg er to skandinaviske selskap godkjende som utferdarar gjennom EasyGo-samarbeidet.

Det er for tidleg å seie kor til mange selskap som til ei kvar tid driv med verksemd som kan relaterast til bompengeinnkrevjing.