Skriftleg spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2281 (2018-2019)
Innlevert: 13.09.2019
Sendt: 16.09.2019
Svart på: 19.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): I det viktige vegprosjektet E16 Eggemoen–Olum i Ringerike og Jevnaker kommuner har det hele tiden vært stor debatt om bompenger på sidevegene. Regjeringspartiene har varslet ny politikk på dette området.
Vil statsråden nå ta initiativ til å endre finansieringsopplegget for E16 Eggemoen–Olum, slik at en kan unngå bompenger for å kjøre gamlevegen gjennom Jevnaker?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa er oppteken av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. Vi har difor i brev av 18.06.2019 til Statens vegvesen og Nye Veier AS stramma inn reglane for å sette opp bommar på sidevegar langs nybygde vegar.

Eg viser vidare til mitt svar på spørsmål nr 2075 frå representanten Bengt Fasteraune som også gjaldt bom på sideveg for prosjektet E16 Eggemoen – Olumn. Som eg skreiv i svaret til representanten Fasteraune, så har eg allereie tatt initiativ til å sjå på moglegheitene for å få fjerna sidevegsbommar i vedtekne prosjekt. Eg har bedt Statens vegvesen og Nye Veier AS om ei fagleg vurdering av kva dette vil bety for mellom anna trafikkmønstre, sikkerheit, miljø og økonomi. Vegprosjektet E16 Eggemoen – Olum vil inngå i denne vurderinga.

Samstundes ønsker eg å høre korleis lokale styresmakter stiller seg til denne politikkendringa. Fylkeskommunane er både garantister for låna som bompengeselskapa har tatt opp for å finansiere dei aktuelle prosjekta og i mange høver vegeigar for "sidevegen" og vil kunne ha kjennskap til relevante lokale forhold og ønsker. Eg har derfor bedt om tilbakemelding på korleis fylkeskommunane stiller seg til å fjerne sidevegsbommar i vedtekne prosjekt i eigne fylker.

Finansieringsopplegget for E16 Eggemoen – Olum er behandla av Stortinget, jf. Prop. 72 S (2017-2018) og bygger på lokalpolitiske vedtak. Eg har altså bedt Statens vegvesen vurdere fjerning av sidevegsbom i samråd med lokale styresmakter.

Eg må ta endeleg stilling til dette når desse svara foreligg.