Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2303 (2018-2019)
Innlevert: 19.09.2019
Sendt: 20.09.2019
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Svart på: 30.09.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for ei ordning som gjer at bøndene kan nytte Blåsjøvegen i Suldal for å hente ned sauer frå fjellet før snøen kjem?

Grunngiving

Blåsjøvegen i Suldal tilhøyrer NVE. Tidligare har det vore ei ordning der bøndene kan låse opp bommen på vegen for å nytte bil til å hente ned sauer som ein ikkje har fått med seg ned frå fjellet.
Det er særs avgrensa trafikk det er snakk om, men som vil betre dyrevelferden monaleg. Eg har blitt fortalt at sauesankere på sykkel nyleg møtte 7 bilar, med ein person i kvar, frå NVE på vegen.
Det har tidlegare vore ei fleksibel ordning med utlån av nøkkel – som no denne regjeringa har sett ned foten for.

Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Svar

Kjell-Børge Freiberg: Blåsjøvegen er eigd av Statkraft Energi AS, som er regulanten for Ulla-Førreutbygginga. Statkraft kan ferdast på eigne anleggsvegar for naudsynt drift og vedlikehald m.m.
Som styresmakt for vassdraga er det NVE som er ansvarleg for dei vedtaka som er fatta gjennom åra om å avgrense tilgang for ålmenta til ferdsel på anleggs-/driftsvegen mellom Venehei og Storvassdammen (Blåsjøvegen). Vedtaket som inntil vidare er gjort gjeldande for denne anleggsvegen, inneber at trafikken på Blåsjøvegen vert avgrensa ved hjelp av bommar av omsyn til villreinen. Blåsjøvegen går inn mot sentrale trekkområde for villreinen.
Vilkåra som no gjeld for sauenæringa lyder slik:

"- Bommen på Venehei blir ståande open for allmenn ferdsel inn til Beinlei i perioden 15. august til 30. september dersom Statkraft Energi AS finn at føreforholda m.m. tillèt dette.
- Etter ordinær sanking kan dei som sankar inn sauer passere bommen etter 30. september i tilfelle det er sauer i området. Dette inneber at sankelaga har tilgang til Blåsjøvegen fram til bommen på Beinlei så lenge det er sauer i området.
- Bommen på Beinlei: Bommen er i utgangspunktet stengt, men nøkkel kan bli lånt ut til å sanka inn sau dersom ver- og føreforholda gjer det uforsvarleg å drive sauene langs vegen."

NVE vil ta endeleg stilling til reguleringa av ferdsel for ålmenta på Blåsjøvegen etter å ha motteke sluttrapport frå NINA om villreinprosjektet i Setesdal-Ryfylke og avbøtande tiltak i den samanheng, og gjennomført naudsynt sakshandsaming.
Eg kan ikkje sjå at dei vilkåra som no gjeld for sauenæringa, er til hinder for henting av sau frå fjellet før snøen kjem. Eg reknar difor med at Statkraft og sauenæringa kan finne løysingar for denne hentinga, og som er til beste for dyrevelferda.